Ny treningskamp for A-lag herrar

Stranda slo Tomrefjord

Stranda fotball trening A-lag og juniorar  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Sport

- Ein enormt positiv kamp for oss mot eit godt fjerdedivisjonslag, summerte Stranda-trenar Kalle Hjelle etter kampen onsdagskvelden.

Romsdals-laget frå divisjonen over Stranda leia 1-0 ved halvtid. I andre omgang sette Anders Kirkhorn inn to mål for heimelaget i vinterkulden på Mona. Begge måla kom på frispark. Tomrefjord greidde aldri å svare og dermed vann Stranda 2-1. Heile 17 spelarar fekk speletid for Stranda-laget i kampen. Trass snøen som er komen var tilhøva fine.

Neste treningskamp for Stranda blir om tre veker.