Første treningskamp denne sesongen

Storsiger til Stranda

Den første treningskampen for juniorlaget til Stranda denne sesongen gav storsiger til Stranda.  Foto: Kristian Stornes

Sport

Stranda sitt G19-lag er i gang med sesongen, og spelte i går den første treningskampen mot MSIL på heimebane på Mona.

Opningskampen kan vi trygt seie gjekk Stranda sin veg, frå Kristian Stornes har vi fått følgande rapport:

- På ei strøken matte gjekk Stranda ut i hundre og dominerte kampen frå første spark. I ein fartsfyld omgang greidde tente strandagutar å variere spelet godt og gav seg ikkje før dei hadde satt seks ballar i nota før halvtid. Andre omgang var noko meir jamnspelt, men sigeren var aldri trua og ved fulltid sto det 8-2. Ei god gjennomkøyring, fortel Stornes.

I år stiller Stranda med to juniorlag.

Første kamp for Stranda G19 1 blir på bortebane mot Spjelkavik 2 i Spjelkavika den 28. april.

Første kamp for Stranda G19 2 heime på Mona mot SIF/Hessa, den 27. april.