Aktivitet heile helga

Alpint og skiskyting

På STrandafjellet er det sesongavslutning for alpint og i Hyttehøla er det krinsrenn i skiskyting.

Stranda alpin inviterer til finalehelg laurdag og søndag. 

Sport

Finale-helga i Sparebanken Møre Cup i alpint blir laurdag og søndag arrangert av Stranda Alpin. På laurdag står storslalåm på programmet og søndag er det parallellslalåm alpinistane konkurrerer i. Leiar i Stranda Alpin, Jørund Hagen, fortel at dei ventar om lag 70 alpinistar både laurdag og søndag. Rennet går som planlagt i samråd med kommunelegen.