Hoppsesongen går mot slutten

Prøvehoppar i Vikersund

I verden finnes det fem skiflygingsbakkar og ein av dei er Vikersund. Skihopparkonkurransen Raw Air går føre seg i fire hoppbakkar med Vikersund som avslutning.

Prøvehoppar: Rishi Sæter er klar som prøvehoppar i Vikersund. Arkivfoto.  Foto: Svein Halvor Moe

Sport

Frå i dag startar prøvehoppinga i bakken og ein av dei som er vald ut som prøvehopparar er Rishi Sæter frå Liabygda IL. Han har vore prøvehoppar dei fire siste åra og er dermed den mest rutinerte prøvehopparen. Rekorden sette han i fjor då han landa på 200 meter og kom med i 200-metersklubben.