Ledige Nibberitt-plassar

Til helga handlar alt om motbakkar i Geiranger. Og arrangøren melder om nokre ledige plassar i Nibberittet.

  Foto: Privat

  Foto: Arkivfoto

Sport

Til helga er det klart for eit nytt Geiranger – Frå fjord til fjell. På startstreken ved sjøen, med syklar, skulle tre blad Wollen frå Stranda stå, søstrene Anne-Lone, Ellen-Beate og Vibeke. Men Ellen-Beate, som bur i Spania enda på sjukehus med lungebetennelse då ho kom heim til Norge.

For to år sidan blei ho einig med to av søstrene om å møtast i Geiranger, Vibeke frå Oslo og Anne-Lone frå Bergen. Nibberittet skal vere eit fast innslag for søstrene Wollen, som er mellom 44 og 52 år gamle. Men i år blir altså berre Vibeke og Anne-Lone å finne på startstreken.

- Eg er heilt knekt, fordi eg var så utruleg godt førebudd på årets ritt. No må eg berre tenkje "steik kor sprek eg blir til neste år", klarer Ellen-Beate å smile.

Meir enn 550 personar er måmeldt til Nibberittet, men på grunn av avmeldingar er det nokre få ledige plassar, melder Knut Arild Maråk i arrangørstaben.

Norgesmester i motbakkeløp og årets norgesmester i skiskyting, Hans Martin Gjedrem stiller til start på Geiranger Halvmaraton, og i Geirangermarsjen instruerer Ingrid Kristiansen Nordic Walking-klassa frå Djupvasshytta. Dalsnibba Miniton vert også arrangert laurdag, før det blir premieutdeling med mat, musikk og underhaldning i Geiranger sentrum på ettermiddagen.

Sundag byr på flott topptur til Geitfonnegga og bygdetur i Geiranger med Nordic Walking. Men allereie fredag startar Fjell til fjord-arrangementet med gratis trenings- og motivasjonsforedrag på Norsk Fjordsenter. Der deltek motbakkegeneral Christian Prestegård, Ingrid Kristiansen og Knut Martin Gjedrem.