Ronny Ødegård gir seg i Fortuna

Strandabusatte Ronny Ødegård gir seg som trenar for Fortuna Ålesund.

  Foto: Arkivfoto

Sport

Ronny Ødegård skreiv under for eit år som Fortuna-trenar før sesongen 2011.

Sunnmøringen veit at både klubb og trenar dei siste vekene har vore inne i ein prosess om reforhandling av kontrakten, samstundes som det har vore forskjellige oppfatningar av kva som er realistisk å ha som målsetjing for flaggskipet på damesida i Møre og Romsdal. I går kom partane til einigheit om å ikkje vere heilt samde - og at det blir med denne eine sesongen for Ødegård i Ålesund.

- Vi vart endeleg einige på eit møte måndag om å ikkje gå på eit nytt engasjement. Det har vorte ein lang prosess, kor eg har vore i tenkjeboksen. Eg konkluderte med at den løysinga vi vart einige om i går, er den rette også for meg som trenar, fortel Ødegård.

Fortuna Ålesund hadde i overkant store ambisjonar før sesongen, trass i at laget hadde mista fleire av sine beste og meir rutinerte spelarar frå sesongen 2010. Undervegs i sesongen forsvann ytterlegare nokre spelarar. Det resulterte i at Fortuna Ålesund sitt mannskap var svært ungt med mykje talent - men utan den naudsynte røynsla i botn.

Leiinga i Fortuna Ålesund justerte ikkje ambisjonane, og kjelder som står klubben nær, fortel om ein viss vonbrot etter å ha enda som tabellsjuer i 1. divisjon.

Fortuna Ålesund spelte seinast i 2009 i toppserien. Då enda laget sist med 0-3-19 på sine 22 kampar.

- Leiinga har innrømt at dei hadde for høge ambisjonar i forhold til spelarstall, men likevel så seier dei at sjuande er for svakt i år. Eg har lufta temaet for fleire trenarar og personar med kunnskap om spelarmateriellet, og dei er samde om at tabellplasseringa er svært realistisk, seier Ødegård.

Som Sunnmøringen skreiv sist veke, så har det ikkje mangla på tilbod til Ronny Ødegård frå andre klubbar. No står det att å sjå kor strandakaren held fram neste sesong. Blant anna så manglar Stranda-trenar for sesongen 2012.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Sport