817 tar del i "Fra fjord til fjell"

Det er aller flest påmeldte i Nibberittet til søndag. Den nye konkurranseforma Nibberennet har heile 33 påmeldte.

Dagen etter opning av Nibbevegen i midten av mai, låg isen framleis tjukt på vatnet.  Foto: Terje Rusten

Sport

- I går bestemte vi at også i Nibberennet blir det pengepremie, fortel Knut Arild Maråk for arrangøren bak styrkeprøven som går frå Geiranger sentrum 2,1 mil opp til 1.500 meters høgd på Dalsnibba.

Eit blikk på påmeldingslista viser:

463 Nibberittet

43 Nibbedobbelen (først opp på sykkel, dernest trille ned til sentrum og ta beina fatt og fullføre halvmaratondistansen)

222 Nibbeløpet

33 Nibberennet

50 Mini-løpet, i alderen 12-15 år

6 Mini-rennet, i alderen 13-15


- Vi veit at mange ikkje melder seg på til marsjen før dagen kjem, i tillegg er det nokre som ikkje kjem, som er påmeldte, kommenterer Maråk om påmeldingstalet hittil.

Nibbevegen blir stengt til ut på ettermiddagen i forbindelse med arrangementet, og opna for fri ferdsel rundt klokka 15.

På yr.no blir det meldt om temperaturar godt over 20 grader.

- I startområdet vil det nok bli varmt, men betre seg for deltakarane når dei kjem seg opp i høgda, fortel Maråk.

I overkant av 100 friviljuge frå idrettslaga i Geiranger og Eidsdal skal få idrettsarrangementet gjennomført i turistbygda første pinsedag.