Den nasjonale dugnaden

"Ja, vi elsker" frå Hellesylt kai

Klokka 1300 på nasjonaldagen var det synging av "Ja, vi elsker" over heile Noreg. Her filma frå Hellesylt kai, frå MS Bruvik. Sunnylven skulekorps speler, forsangar er Kristin Storstein.Kreditering: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Video

Vi er ikkje heilt ferdige med 17. mai, som i år vart heilt annerleis enn det vi er vant til grunna koronasituasjonen.

Men sjølvsagt vart det både korpsmusikk og flaggheising, og på Hellesylt kai deltok alle i felles synging av nasjonalsongen klokka 1300 - eit tiltak som gjekk over heile Noreg.

Det er filma frå toppdekket på MS Bruvik, som i år vitja alle fire bygdelag i Stranda kommune si alternative 17. mai-feiring. Turen starta på Stranda, før turen gjekk til Overåkaia i Liabygda, vidare til Hellesylt kai i Sunnylven - før pangavslutninga (og sola!) kom fram i Geiranger klokka tre den 17. mai 2020.