Turistsesong

Sommarhandel tyder mest for Stranda og Norddal

Sommaren er svært viktig for butikkhandelen, og mest viktig er han for turistkommunar som Stranda og Norddal.

Lokal handel Lokale verksemder i små turistkommunar tener mest om sommaren.  Foto: Virke

New Articles

Det går fram av tal som hovudorganisasjonen Virke presenterer.

I Møre og Romsdal vart det i fjor handla for vel fire milliardar kroner (eks mva.) i juli og august. Butikkane i fylket fekk i fjor 17,3 prosent av omsetnaden sin i juli og august, viser tala frå Hovedorganisasjonen Virke. Det er omlag som på landsbasis, skriv hovudorganisasjonen for tenestenæringane i ei pressemelding.

Store variasjonar

– Likevel er det store lokale skilnader i fylket, fortel Bror William Stende, direktør for Faghandel i Virke.

– I typiske hytte- og turistkommunar er sommaren enormt viktig for årsomsetnaden, fordi det kjem tilreisande som vil handle inn både mat og andre varer. Kommunane Stranda og Norddal er dei fremste døme. Her kom 25,8 og 22,9 prosent av omsetnaden i juli og august i fjor, slår Stende fast.

 I Aure og Halsen stod sommerhandelen for 21,2 prosent. Også i Tingvoll, Smøla, Rauma og Stordal utgjorde sommerhandelen meir enn ein femtedel av årsomsetningen.

Feriefolket viktig for distriktsbutikkane

Turistar og hyttefolk er viktig for omsetnaden for fleire kommunar og butikkar. Særleg for dei minste lokale butikkane i Utkant-Noreg, kan ein vellykka sommaromsetnad vere avgjerande for å skape lønnsam drift.


– I typiske hytte- og turistkommunar er sommaren enormt viktig for årsomsetninga, fordi det kjem tilreisande som vil handle inn både mat og andre varer, seier direktør for Virke Dagligvare, Ingvill Størksen i pressemeldinga frå Virke.

– I små lokalsamfunn kan daglegvarebutikken vere helt avhengig av sommeromsetningen for å klare å halde ope resten av året, og dermed vere med å sikre lokalsamfunnet, avsluttar Størksen.

Tala er utarbeidd av Kvarud analyse, på vegner av Hovedorganisasjonen Virke.

Virke er den leiande hovudorganisasjonen for tenestenæringane  i Norge, og representerer over 20 000 verksemder.