Sommarsyssel

Dekk bordet med råvarer frå naturen

Mange av oss plukkar bær, fiskar og dyrkar eigne grønsaker, men i naturen kan du òg finne ei rekke andre råvarer å diske opp med i sommarvarmen.

Å plukke bær av ulike typar er veldig populært. Over halvparten av oss oppgir at vi har plukka bær dei siste tolv månadane, ifølgje forskar Annechen Bahr Bugge.   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

New Articles

– Det er mengder av ville plantar å finne no om sommaren. Til dømes kan eg nemne at eg 30. juni var leiar for eit nyttevekstseminar under ein festival i Saltstraumen sør for Bodø. På ein vandretur på nokre hundre meter fann vi 26 planteartar vi kunne ete. Utover seinsommaren og hausten spirer mange vårplanter på nytt, og då er dei ypparleg mat, fortel forfattar og profesjonell matsankar Edle Catharina Norman.