Trandal

Insta-bilete vart turistreklame

Folk frå heile verda vil ta bilete på huske på Sunnmøre.

Trandal Dette bilde har fått turistar frå heile verda til å besøkje den vesle bygda Trandal på Sunnmøre.   Foto: Michaela Potterbaum

New Articles

Det skriv NRK.

Den amerikanske fotografen Michaela Potterbaum besøkte serveringsstaden Christian Gaard på Trandal for fem år sidan og lèt seg fascinere av huska på staden. Ho la ut bildet ut på Instagram og på kort tid blei bildet delt hundrevis av gonger på ulike Instagram-kontoar.

Lokkar andre

– Når mange tek fine bilde og deler dei, så får andre lyst til å kome hit for å sjå. Så det har utruleg mykje å seie. Det er nesten slik at marknadsføringa gjer seg sjølv, fortel Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter, som driv Christian Gaard, til NRK.

Også fotograf Potterbaum har merka positive effektar av bilete.

Gitt jobbmoglegheiter

– Bilete har hatt stor innverknad på fotokarrieren og gitt meg jobbmoglegheiter eg berre kunne drøymt om. Eg fekk e-postar frå heile verda, der folk spurde kvar dei kunne finne huska, seier ho til statskanalen.