Engasjerte tilsette

Svelesal til inntekt for årets tv-aksjon

Frode Mauren(t.v) og Finn Erik Knutsen kjøper sveler frå Kristine Havnevik til inntekt for årets tv-aksjon. 

New Articles

Nydelege sveler

Det gjekk varmt føre seg då Kiwi Stranda steikte og selde sveler til inntekt for årets tv-aksjon som går til Kirkens Bymisjon. Det er fyrste gang butikken gjer det, men allereie før svelesalet starta kl. 11, var dei fyrste kundane klare for å støtte årets tv-aksjon.

– Eg har gledd meg sidan i går då eg las på Facebook at dei skulle selje sveler her, seier Frode Mauren, som saman med Finn Erik Knutsen var fyrst ute og kjøpte sveler. Dei var nydelege, var deira dom.

Stiller som bøssebærarar

Dei tilsette ved Kiwi Stranda har bestemt seg for å gjere ein innsats for samfunnet. Det starta med at nokre av dei stilte som bøssebærarar under tv-aksjonen i fjor. Fleire av dei skal bere bøsser også i år.

– Vi har strikka 20 oransje skjerf som vi gir til Kirkens Bymisjon når aksjonen er over, fortel Kristine Havnevik hos Kiwi Stranda.

I tillegg til sveler har dei også loddbok der overskotet går til tv-aksjonen. Komande laurdag arrangerer dei lunsj i butikklokala.

– Alle er hjarteleg velkomne og du støttar med den summen du synest er riktig, seier Havnevik.