Ein liten salong med eit stort hjerte

Andre plass og sølvmedalje

Strandar med bestemte og langsiktige planar. Innsatsen gir resultat.

Strandaren Kine Koppang driv eigen hårsalong på Sola.  Foto: Privat

New Articles

For om lag fem år sidan starta strandaren Kine Koppang frisørsalongen Envy hår og velvære på Sola utanfor Stavanger. Dei fyrste åra var ho einaste tilsett i salongen sin, men etter kvart som kundegruppa vaks tilsette ho Tonje Braut for to år sidan og Anita Vig i januar i år.

Sølvmedalje

Byas som er ei regionsavis med Stavanger Aftenblad som ansvarleg utgivar har bede sine lesarar nominere dei beste frisørsalongane i regionen. Envy vart ein av 62 nominerte salongar.

Etter fyrste stemmerunde vart det klart at dei var ein av ti finalistar.

– Det er veldig kjekt å få slike positive tilbakemeldingar, og spesielt kjekt at folk frå heimbygda Stranda har engasjert seg, seier Koppang og legg til at ho må rette ein stor takk til alle som har stemt på ho.

Envy endte på andre plass og fekk edelt metall til slutt.

- I dag ser vi på oss selv som vinnere og er strålende fornøyd med en andre plass i kåringen, seier Kine Koppang når resultatet er klart. For oss er dette veldig stort!

Lidenskap

Då frisørsalongen Envy starta opp tilrettela salongen for bryllaupsfrisering og styling med eige bryllaupsrom i lokalet. Over tid har det gitt resultat og salongen pyntar mellom 20 og 35 bruder årleg.

– Brudefrisering er ein lidenskap for oss, og at vi har så mange brudestylingar er eit resultat av den lidenskapen, seier Koppang.

Tre klare mål

Kine Koppang fortel om tre klare mål ho har sett seg, to av dei har ho oppnådd medan det tredje er i planleggingsfasen på veg til å verte realisert. Det fyrste målet ho bestod var å få svært godt bestått fagbrev, den kan ho krysse ut. Neste punkt på lista var å starte eigen frisørsalong, og Envy frisørsalong er stadfestinga av det målet.

Draumesalong

Det siste punktet på lista er å få draumesalongen sin, og den er også undervegs. I 2020 flyttar ho saman med sine to kollegaer inn i 40femti-komplekset ikkje langt unna. Her får ho vere med å forme alt frå vindaugsplassering til alt interiøret i salongen slik at den blir akkurat slik ho drøymer om.