Skjønnsmidlar frå Fylkesmannen

Stranda kommune får 2,35 milionar for 2019 og ein rest på 2,18 millionar for 2018.

Brannberedskap i Geiranger har fått 550 000 i løyvingar frå Fylkesmannen.  Foto: Anniken Westad(Arkiv)

New Articles

Skjønnsmidlane for 2019 er fordelt på 5 punkt og strekk seg frå opplæring av folkevalde til brannberedskap. Særleg høge utgifter til ressurskrevjande tenestemottakarar vert tildelt ein million kroner.

Beredskapsmessige utfordringar

Stranda kommune har store beredskapsmessige utfordringar i Geiranger og har fått tildelt 700 000 kroner for å utgreie løysingar for samlokalisering av beredskaps- og naudetatar på Stranda og i Geiranger. I tilleg har kommunen fått tildelt 550 000 kroner til brannberedskap i Geiranger.

Rest på 2,18 mill. frå 2018

Restmidlane frå 2018 er blant anna fordelt på ein felles kommunal planprosess for nasjonal turistveg frå Åndalsnes til Grotli og på ein forpliktande plan for kommunane i Robek. For å få denne siste utbetalinga på 500 000 kroner som er tildelt krev Fylkesmannen at kommunen utarbeider og gjennomfører ein forpliktande plan, held balansen i budsjettet og dekker inn underskot etter planen.

Fylkesmannen har gjort ei totalvurdering av kommunen sin økonomi og løyver på bakgrunn av dette 80 000 kroner til kommunen.

Proaktiv miljøsatsing

Stranda kommune får 500 000 til eit forprosjekt for kloakkutslepp. Dette forprosjektet er eit ledd i Stranda kommune sitt arbeid med å betre miljøtilhøva i Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.