Fylkestingsvalet

Ap får fylkesordføraren og fleirtal

Gruppeleiar :Tove-Lise Torve blir ny fylkesordførar i Møre og Romsdal. Her på vitjing på Stranda i fjor haust.  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Tysdag herska det uklårheiter om kven som ville få makta i fylket.

Senterpartiet og Høgre med støtte frå Krf og Venstre erklærte Kristin Sørheim (Sp) som fylkesordførar etter å ha inngått avtale om samarbeid, problemet var at konstellasjonen ikkje hadde fleirtal.

Klokka eitt tysdag ettermiddag innkalla sju parti til pressekonferanse, der det vart klart at fylkesordførarvervet går til Arbeidarpartiet - ved Tove-Lise Torve.

Arbeidarpartet går saman med Framstegspartiet, Sunnmørslista, Uavhengig valliste for Sunnmøre, Miljøpartiet Dei Grøne og Nordmørslista.

- Arbeidarpartiet såg seg nøydd til å sjå etter andre alternativ når Senterpartiet valde å ekskludere Arbeidarpartiet frå forhandlingane, skriv Arbeidarpartiet i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

- Vi er glade for at våre samarbeidspartnarane i konstitueringa såg at det var naudsynt å skape eit fleirtal i fylkeskommunen, seier Torve i ein kommentar.

Sunnmørsposten melder tysdag at avtalen òg inneberer at Framstegspartiet får leiaren i samferdsleutvalet i fylket, etter alle solemerke blir dette fylkesleiar i Møre og Romsdal Frp Frank Sve.