Tine varslar kutt i meierivarer

New Articles

Tine skal effektivisere drifta, og melder at dei vil satse meir på dei mest populære meierivarene dei har. Desse varene utgjer litt over 20 prosent av sortimentet, men skapar omkring 80 prosent av verdiane.

– Vi satsar betydeleg sterkare og meir fokusert. Vi lagar ei kraftsamling rundt dei sterkaste merkevarene for å få ut meir av potensialet av dei, seier konsernsjef Gunnar Hovland i ein podkast Tine sjølv står bak, skriv Nationen.

Blant merkevarene frå Tine som er mest populære, er Norvegia, Jarlsberg, Tine-mjølk og Sunniva-juice. Desse står for om lag 80 prosent av verdiane.

Kommunikasjonsrådgivar Ole Martin Buene stadfestar at det sannsynlegvis blir færre varelinjer i framtida. I podkasten oppgir Hovland at Tine alltid har hatt rundt 1.400 varelinjer, og at dei største merkevarene står for om lag 300 av dei.

Det er enno ikkje klart kor mange varer som skal ut, og når dette vil skje, skriv Nationen.