Posten ber folk om å sende julegåvene ekstra tidleg

  Foto: NPK

New Articles

Posten ber kundane om å sende julekort, brev og pakkar før leveringsfristen går ut viss dei vil vere sikre på at sendingane skal komme fram før julaftan.

Vanlegvis er leveringstida to til seks dagar for post som skal til andre land i Europa. For resten av verda tar det fire til åtte dagar for posten å komme fram, men i samband med jula set Posten opp eigne sendefristar i samarbeid med postverk i andre land.

Pakkar som skal til Sverige, Danmark, Finland og Island, bør sendast før 13. desember, medan brev og små pakkar som skal same stad, bør sendast innan 15. desember.

For andre land i Europa er fristen for brev og småpakkar 13. desember og 11. desember dersom du skal sende noko til USA og Canada.

For resten av verda bør brev og småpakkar sendast før 4. desember for at dei skal nå fram til julaftan.

Det må òg reknast med inntil to dagar ekstra på grunn av tollbehandling for pakkar til utlandet.

I Noreg er det ingen fristar, men Posten ber likevel kundane om å rekne ekstra god tid.