Vogntog sperrar på Strandafjellet

Eit vogntog sperrar fredag ettermiddag på FV60 Strandafjellet, rett ved innkøyringa til Nysætervegen.  Foto: Eivind Louis Helset

Ein bil har køyrd i grøfta på FV60 på Strandafjellet.   Foto: Eivind Louis Helset

New Articles

NRK Trafikk melder i tolvtida fredag at eit vogntog sperrar eitt felt på FV60 Strandafjellet..

Ein personbil har køyrt av vegen like ved, og sperrar delar av vegbana i ein sving. Vogntoget står på veg oppover ovanfor krysset til Fjellsætra.

Det skal ikkje vere snakk om personskade på korkje sjåføren av personbilen eller vogntoget.

Vegbergar er på staden og bergar personbilen ifølge Sunnmøringen sin journalist som er på staden.

Det er glatt på staden, men entreprenør er i ferd med å strø på vegen. Vegbergaren har hatt fleire oppdrag på området i dag.