Pizzafabrikken kan bli råka av streik

Pizza på løpande band på Orkla Foods sin fabrikk i Svemorka.  Foto: Johan Behrentz

New Articles

Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN) sendte torsdag ettermiddag ut ei pressmelding som varsler om fare for streik i kjøtindustrien.

Om det ikkje blir semje i meklinga som starter måndag mellom partane, vil 19 bedrifter med omlag 1.400 medlemmar vere i streik frå midnatt (klokka 24) 6. oktober.

To bedrifter på Stranda er omfatta av varselet, det gjeld Orkla Foods si avdeling i Svemorka og Orkla Foods si avdeling på Sløgstad. Orkla Foods på Stranda produserer som kjent mellom anna pizza og løfse.

Grilstad AS i Trondheim (morselskapet til Stranda spekemat) og Nordfjord Kjøtt AS og Nordfjord Kjøtt-Slakt AS i Loen er òg omfatta av streikevarselet. Det same er Vest Mat AS på Vestnes.