Pål Angelskår Trio til Hellesyltdagane

Skal halde avslutningskonserten på Øvre Ljøen.

Pål Angelskår.  Foto: Ellen Ugelstad

Kultur

Avslutningskonserten på fjellgarden er ein tradisjon som starta i fjor.

Første artist ut var Egil Olsen.

I år er det Pål Angelskår Trio sin tur til å få det som truleg er verdas vakraste bakteppe, innløpet til Geirangerfjorden, når dei står på utescena søndag 10. juli.

– Barnevennleg konsert

Ole Hjalmar Bonsaksen fortel at dei skal i sving med å bygge scene denne helga, som skal stå permanent på familien sin gard.

– Vi har også planer om å lage ein gapahuk. Vi er litt usikre på kor mange plassar det blir i den, men det kan bli så mange som 200, fortel konsertarrangøren.

Til sommarens konsert er det lagt ut 300 vaksenbillettar og 50 barnebillettar.

På heimesida til Bonsaksen kan ein lese at dei ønskjer velkomen til ein barnevennleg utekonsert, kor billettprisen til dei minste er sterkt rabatterte.

– Dynamisk orkester

I trioen finn ein Pål Angelskår på vokal og akustisk gitar.

Martin Nordahl Andersen (Minor Majority, Megalighter) speler akustisk gitar og bass, medan Karl-Joakim Wisløff (Orango, Kenneth Ishak) speler bass, piano, og Wurlitzer.

Dei blir skildra som eit dynamisk orkester, som er å finne musikalsk blant skjøre folk-balladar, melankolsk popmusikk og tung, klassisk rock.

Solodebut i 2012

Angelskår er kanskje mest kjent som vokalist, gitarist og låtskrivar i bandet Minor Majority, kan ein lese på Bonsaksen si heimeside.

– Med låtar som “Dancing in the backyard”, “She Gave Me Away”, “(In That) Premature Way”, “Come Back to Me” og “Supergirl” var Minor Majority med på å definere det første tiåret i det nye tusenåret sitt musikalske Norge. Bandet har også ein stor tilhengarskare i Europa, spesielt i Frankrike. I 2006 vann Minor Majority Spelemannsprisen i kategorien “beste popgruppe” med plata “Reasons to Hang Around”, skriv dei vidare.

Angelskår debuterte som soloartist i 2012, med plata “Follow Me”. Det andre soloalbumet “The Cellar Door Was Open, I Could Never Stay Away”, kom ut i august i fjor.

– Det er ei leken og detaljrik plate som burde vere eit must for alle som liker Minor Majority. Den viser derimot også at Angelskår er i ferd med å finne eit distinkt og eige uttrykk i skjeringspunktet mellom folk og pop/rock, skriv konsertarrangøren.

På konserten under Hellesyltdagane kjem Angelskår til å spele songar frå heile katalogen sin, både Minor Majority-låtar og solo-materiale.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur