Chopin-meister til Stranda

Tysdag spelar den polske pianisten Grzegorz Niemczuk verk av landsmannen Frédéric Chopin i Storfjord kulturhus.

Grzegorz Niemczuk (32) studerte ved musikkakademiet i Katowice, og har dei siste åra turnert over store delar av verda.  Foto: Pressefoto

Kultur

Niemczuk vann førsteplassen i ein stor Chopin-konkurranse i Warszawa i 2010, og Carnegie Hall sin debutantpris i januar 2013, står det å lese i ei pressemelding. Den siste utmerkinga han fekk, var publikumsprisen under Busan Maru International Music Festival i Sør-Korea hausten 2016.

Den unge pianisten (32) har gjesta Noreg kvart år sidan 2010. I år går turen til Stranda, men òg Fosnavåg, Ullensaker, Os ved Bergen, Nes i Akershus og Oslo får besøk av Chopin-tolkaren på denne Noregsturnéen. Denne våren, nærmare bestemt i mai, vil han for tredje året på rad halde meisterklasser ved Noregs musikkhøgskole.

Niemczuk var også aktiv i fjor, med tre konsertar i Norge, turnear i Sør-Amerika i august og i Japan i september. Pianisten vitja Japan igjen med ein konsertserie no i januar.

Konserten i kulturhuset har fått tittelen «Chopin i ord og tonar». Niemczuk brukar nemleg ikkje berre å spele under konsertane, men òg fortelje om musikken han skal framføre.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur