UKM:

Fylkesmønstring i Stordal

Simon Brune vart plukka ut til å dra på fylkesmønstringa både som soloartist og som medlem av bandet Cold Joe. Her er han på scena under UKM i Stranda i februar.   Foto: Maria Kristine Henriksen-Sandvær

Kultur

Komande helg er det duka for fylkesfestivalen i Ung Kultur Møtes (UKM).

I år vert mønstringa arrangert i Stordal kommune, med hovudarena i Stordalshallen. I bedehuset i bygda vil ein finne ei flott kunstutstilling, som blir opna for publikum laurdag, skriv arrangørane i ei pressemelding. Første UKM-dag er i morgon, fredag.

Fleire frå Stranda kommune

Dei skildrar festivalen som ein smeltedigel for ung kultur. Rundt 400 ungdommar i alderen 13–20 år er inviterte til å ta del frå dei 36 kommunane i fylket. Følgjande er representantar frå Stranda: Tove Havnen Hansen og Rebecca Vågsæter (kunst), samt Simon Brune og banda KILT og Cold Joe (alle musikkinnslag).

Ifølgje påmeldingslista i kommunen er følgjande medlemmer i KILT: Anna Kristine Storstein Forbord, Bertine Lade, Espen Ringdal, Knut Iver Skjortnes Røyrhus, Mats Storstein Forbord og Simen Frøysa Hellebostad.

Og i Cold Joe: Elias Røyr, Jørgen Eliassen, Odd Egil Vågsæter og Simon Brune.

Ulike aktivitetar

Ansvarlege for gjennomføringa er Stordal kommune, Møre og Romsdal musikkråd og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Arrangørane presiserer at UKM ikkje er ein konkurranse, men ein møteplass, visningsarena og ein stad for utvikling av ung kultur.

I løpet av helga kan deltakarane velje å bli med på DJ-verkstad, fjelltur, kunstverkstad, samt dei kan få prøve seg i teatersport, karate, sjakk, yoga og dans. Det vert også høve til å delta på konferansierverkstad.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur