Kulturmelding

Varmt, nært - og vondt

SELVPORTRETT: Fossen portretterte òg seg sjølv i fotografi. Bileta tatt på den nedlagde klinikken for leprapasientar på Chios var blant dei som vart utstilt på Nordic Light i 2017. bilete frå filmen 

STØTTA: Lokallaget av Sanitetskvinnene var spesielt invitert av Margreth Olin til filmen. Norske Kvinners Sanitetsforening har gitt pengestøtte til filmen om Fossen. 

Kultur

«Selvportrettet»

Dokumentarfilm om kunstfotograf Lene Marie Fossen. Regi: Margreth Olin, Katja Høgset, Epsen Wallin.

Eit nært, varmt og vondt portrett – som ikkje slepp taket.

Lene Marie Fossen døydde i oktober i fjor, 33 år gamal. Kroppen hennar måtte gi tapt mot anoreksien ho hadde kjempa mot i tjue år. Margreth Olin sin film «Selvportrettet» er ein film om og med Fossen, i hennar arbeide som kunstfotograf med sjukdommen side om side.

Fotografia blir hennar måte å fryse tida på, til å gjennom lys syne fram heile menneske. Seg sjølv inkludert. Dei kunstfaglege og fototekniske kvalitetane ved Fossen sine arbeide, er udiskutable. Og i det ligg ei eiga sorg: Det er ei sorg over skaperkrafta som gjekk tapt. Kva som kunne blitt.

Fossen står fram som både eit klokt og eit reflektert menneske, svært medviten om sin eigen situasjon og sjukdom. Det er i refleksjonane at filmen verkeleg slår, ikkje minst i det paradoksale i at ein brukar tvang mot eit menneske som treng å ha kontroll for å takle livet. Fossen seier sjølv at ho ikkje følte seg høyrd eller varetatt då ho i ung alder vart innlagd på sjukehus for å få hjelp mot anoreksi.

Debatten Fossen prøver å skape, er viktig. Kva er eit liv? Kva er eit godt liv? Korleis kan ein få mot – til å leve?

«Det er som å vere innesperra i ei bygning, utan moglegheiter til å sleppe ut», seier ho sjølv om sjukdommen.

Underteikna har ingen røynsle med eteforstyrringar, lat det vere sagt. Så diskusjonen om filmen eller promoteringa av denne kan verke triggande på nokon måte, kan eg ikkje uttale meg om.

Det eg vil konsentrere meg om, er kva Fossen sjølv og filmen stiller spørsmål om:

Det er naturleg å tenkje seg at i ein situasjon der ein nyttar mat som kontrollmekanisme, vil tvang – same kor velmeinande den enn er – bidra negativt.

Kva kan då vi som medmenneske, som pårørande, som samfunn, som helsevesen bidra med konfrontert med psykisk sjukdom? Skal vi bruke tvang? Skal vi godta at det eksisterer tabuemne i samfunnet?

Det vert sagt at troll sprekk i sola. Det er mitt von at tabua òg gjer det. Spesielt kva gjeld temaet mat og kropp. Det er mykje skam og skyld knytt til eteforstyrringar. Og mykje vankunne. Ei motvekt til dette er å sjå Ohlin sin film om Fossen.

Fossen står ikkje fram som stakkarsleg. Ho står ikkje fram som nokon som krev medynk. Ho står fram som eit menneske som krev å bli tatt på alvor. «Eg er ikkje sjukdom», seier ho.

Det trur eg heller ingen som gjekk ut av kulturhuset etter premiera meinte. Eg trur dei som meg såg eit modig menneske, eit sårbart menneske – eit menneske med skaparkraft og vilje i ein fortvila situasjon.

Samtidig må vi ikkje gløyme dei pårørande, som òg har hatt mot. Foreldra bidreg i filmen, og har bidrege i lanseringa av filmen. Det må ein berre beundre, midt i deira eiga sorg.

Eg vart djupt rørt av filmen. Ohlin og teamet hennar er røynde, og det ser ein på grepa som er gjort. Kontrastane som blir lagt fram, potensialet, det som er – det som kunne vore. Det sterke i det svake. Livskrafta. Dødsønsket.

Eg kan ikkje seie noko anna enn takk. Takk til Ohlin og medregissørane for å ha laga denne filmen. Takk til foreldra til Fossen, som trass i utgangen på hennar sjukdom ville at filmen skulle ut til omverda.

Men aller viktigast: Takk til deg, Lene Marie Fossen, for ditt mot.

Kvil i fred.