Bygdebladet har fått ny redaktør

Den familieeigde lokalavisa Bygdebladet på Sjøholt har fått ny redaktør, men det er framleis ikkje aktuelt med nettavis.

Avtroppande redaktør Kjell Opsal (74) i Bygdebladet overlet no redaktørstolen til sonen Reidar Opsal (47). Her står dei med nyaste utgåve av Bygdebladet.   Foto: Knut Oscar Opsal

Kultur

Reidar Opsal (47) har tatt over redaktøransvaret I Bygdebladet etter, faren Kjell Opsal (74), som har hatt stillinga i 43 år.

Den nye redaktøren har arbeidd i avisa heile livet. Dei siste par tiåra som redaksjonssekretær. 

Avtroppande redaktør, Kjell Opsal, går over i stilling som journalist og kommentator.

Fem kommunar

Avisa kjem ut onsdag og laurdag og dekker dei fem kommunane Vestnes, Ørskog, Stordal, Skodje og Haram.

Bygdebladet vart etablert av Kjell Opsal og Torill Mjelva Opsal i 1972 og er framleis familieeigd.

Nei til nettavis

Redaktør Reidar Opsal seier dette om overgangen:

- Vi har tru på framtida for papiravisa Bygdebladet også i desse usikre internett-tider. Nettavis held vi oss unna til vi ser eit inntektspotensiale stort nok til å lønne dei som skal fylle den med innhald. Men alle abonnentar kan sjølvsagt lese papirutgåva i nettutgåve allereie i dag, heiter det i ei pressemelding frå avisa.

Sunnmøringen ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Kultur