Kommentar om Bygdepride

Takk, Bygdepride!

- Vi var ikkje mange frå Stranda som gjekk i Bygdepride-paraden. Men vi som var der, vi gjekk som stolte representantar for bygda vi er glade i, skriv redaktøren i Sunnmøringen i kommentaren om Bygdepriden.
Meiningar

Fredag ettermiddag var eg ein av dei som gjekk i parade gjennom Volda sentrum, og med det skreiv historie. Tusen takk til arrangørane i Bygdepride for eit strålande arrangement. Som eks-volding må eg innrømme at hjartet banka stolt og rørt i bringa over at Bygdepride vart ein realitet – og ein strålande suksess.

Fredag var vi fleire tusen menneske – inklusive to ministrar og fire ordførarar. Ordførarane i Hornindal, Eid, Volda og Ørsta møtte saman med kulturminister Trine Skei Grande og landbruksminister Jon Georg Dale. Sistnemte sjølv volding.

Vi var ikkje mange frå Stranda. Men vi som var der, vi gjekk som stolte representantar for bygda vi er glade i. Takk til kvar einskild strandar som vart med på denne feiringa.

Sjølv har eg ikkje opplevd problem som ope homofil i Stranda. Kva folk måtte seie bak min rygg, er noko eg ikkje har tatt og ikkje vil ta omsyn til. Dei om det.

Då Bygdepride var på trappane, kom den ikkje uvande diskusjonen om at homofili var styggedom for Gud. Einskilde ville òg ha det til at Volda kunne bli råka av ein straff tilsvarande den som råka Sodoma og Gomorra, om Bygdepride fann stad. Ein motdemonstrasjon mot Bygdepride vart heldt i slutten av april, og talde tretti personar.

Eg reknar meg som høveleg ugudeleg, agnostikar som eg er, men eg trådde mine barnesko både i Betel og i Frelsesarmeen. Fordømminga av homofile er ikkje nyhende for meg.

Det står mange kloke ord i Bibelen. Ikkje minst dei orda som kristenkonservative sitt førebilete Jesus kom med. Jesus sa mellom anna at han som er utan synd, lyt hive den første stein. Eg har nok å svare for sjølv. Då er det ikkje mi rolle her i verda å dømme andre menneske, eller korleis dei lever sitt liv. Å vere menneske er til tider vanskeleg nok for oss alle. Då treng vi ikkje legge stein til byrden til nesten vår.

Det er til neste år femti år sidan starten på den moderne homorørsla. Transar og homsar i New York kjempa i junidagane 1969 tilbake mot politiet si trakassering og fengsling av dei ved Stonewall Inn. Nok var nok. Førtini år seinare kan eg og mange med meg gå trygt i Bygdepride i Volda.

Arven frå Stonewall må vi aldri gløyme. I 1972 var det ikkje lenger straffbart å vere homofil i Noreg, fire år før eg vart fødd. Homofili som psykiatrisk diagnose forsvann i 1977 i Noreg, då eg var eitt år. Diagnosen vart først tatt vekk frå WHO sin diagnosehandbok i 1990. Då var eg fjorten år og konfirmant.

Så vi har kome langt. Men vi er ikkje i mål. I 2018 i Noreg blir framleis menneske trakassert for å vere homoar og transar. Homofile muslimar slit med dobbelt stigmatisering. Unge skeive, både homofile og transpersonar, slit med depresjon og sjølvmordstankar.

Når folk spør meg om kvifor vi skal gå i tog for å vere det vi er – så er det svaret: Vi går i tog for dei som ikkje kan. Som ikkje tør. For alle dei som må betale ein pris for å vere den dei er som ingen av oss skal akseptere.

Difor går vi i tog.

I all mi glede over Bygdepride-suksessen i Volda fredag, er det desse menneska eg i dag tenkjer på. Og eg vil seie til kvar einskild av dykk, tjueto år etter at eg sjølv kom ut av skapet: Du er fantastisk. Du har din plass her i verda. Og du skal aldri slutte med å vere den du er. Fordi verda treng det mangfaldet du kan gi den.

Det trur eg er essensen i Jesu ord og virke, om eg skal tolke hans ord om å elske nesten din som deg sjølv.

Renate Furre Henriksen-Sandvær

stolt bygdehomo i Stranda