- Ro-prosjektet er på "ville vegar"

Kommunestyret i Stranda kommune 2015 - 2019.  Foto: Bjørn Arild Hatlem

Frp: Frank Sve, gruppeleiar Stranda Framstegsparti.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Meiningar

Onsdag førre veke hadde vi siste kommunestyremøte i Stranda i denne perioden.

Det er i grunnen ein kjekk gjeng vi har i vårt kommunestyre, ueinige i saker er vi nok, men trur ein klarer å skille sak og person ganske bra.

Takk for samarbeidet både til ordførar og heile kommunestyret, samt administrasjonen i kommunen.

No står vi framfor eit nytt valg, og innbyggjarane skal ta stilling til kven dei ynskjer inn i det nye kommunestyret.

Viktige saker som vert drøfta her i bygda no, er :

- fjerning av eigedomsskatten

- beholde sjukeheimsplassane i Stranda og på Hellesylt.

- renovere Sunnylven skule.

- byggje nye Solbakken sjukeheim.

- kommunesamanslåing med Sykkylven.

- ei fremoverlente kommune, med aktive politikarar.

- fersk mat til dei eldre på våre omsorgsbustadar/sjukeheimar.

Eg trur at det no er svært viktig for næringslivet og for folk flest at eigedomsskatten vert fjerna. Over 100 millionar kroner er teke inn for å dekkje inn 50 millionar kroner i underskot, då er det verken nødvendig eller rettferdig å fortsette med denne usosiale skatten.

FrP går til valg på å fjerne dette.

Bygging av nye Solbakken er bestilt til administrasjonen, men istaden for å kome igang med planlegginga av dette, så har ein starta eit såkalla RO prosjekt som har skore aldeles laus på «ville vegar». Utan å gå langt inn i dette, så forstår nok alle at ein ikkje kan gå her på Stranda frå 43 sjukeheimsplassar til 20, ei heller leggje ned sjukeheimsplassane i Hellesylt.

FrP går til valg på å bevare ant sjukeheimsplassar på Stranda, minst, og bevare sjukeheimsplassane på Hellesylt.

Renovering av Sunnylven skule har blitt skubba framføre kommunen i mange år.

Økonomien kan ein ikkje skulde på, for i dei to siste periodane så har kommunen investert langt over 100 mill kr på andre prosjekt.

Stranda kommune har 85 millioner kroner i ubrukte lånemidler.

FrP går til valg på at renoveringa av Sunnylven skule skal komme igang umiddelbart.

Så blir det spennande tider med kommunesamanslåing med Sykkylven, noko eg trur kan bli bra for oss alle.

Som ordførarkandidat for Stranda FrP, veit både næringslivet og innbyggjarane kva dei får.

I mi tid som kommunepolitiker her i Stranda så har eg opplevd svært mykje bra, men også mykje som ikkje har vore så kjekt.

Derimot når eg ser tilbake på mine 20 år i kommunestyret, så er eg svært takksamd for alt eg har fått vore med på å kunne bidra til ei så god kommune som råd, for alle innbyggjarane.

- Hadde eg fått muligheita, så trur eg at det som er blitt gjort av utvikling og bygging, skulle eg ha bidrege til å gjennomført ein gong til.

Alt på Strandafjellet har blitt ein svært stor suksess for heile Strandasamfunnet og bidreg med mange, mange titals million kroner i skatteinntekter per år til kommunen, samt opprettheld kanskje bortimot 70- 100 årsverk.

Det same angåande bygging av kaier og Hamnevesenet, som sist år gjekk med 10 millionar kroner i overskot, noko som har vore malen i mange år.

Ellers er investeringane  og utviklinga i vår kommune slik at næringslivet blomstrer som aldri før.

Førre veke var til dømes vår fiskeriminister på Norsk Sjømat og fekk orientering om konsesjonen som dei fekk frå regjeringa for vidare satsing her på Stranda og i Stordal.

Det var ei vært viktig hending som sikrar vidare vår absolutt største bedrift her i kommunen, Norsk sjømat AS.  

Ellers har kommunestyret i samarbeid vore med på å lagt godt til rette for næringslivet, i alle dei 20 åra eg har vore i kommunestyret, og dette skal vi fortsette med framover.

Takk for 20 år i kommunestyret i Stranda, og eg gleder meg til dei neste fire åra også.