Lesarinnlegg om foreslåtte ferjekutt i fylket

Stø kurs – i feil retning

  Foto: Eivind Louis Helset

Meiningar

Møre og Romsdal er Noregs største ferjefylke, likevel er ferjedrifta kraftig underfinansiert. Fylkeskommunen får ikkje reknestykket til å gå opp. Inntektene kjem gjennom overføringar frå staten, billettinntekter og anna eigenbetaling, men utgiftene er høgare enn inntektene. Då ber det galt av garde i feil retning.

Utskifting av gamle ferjer med fossilt drivstoff, til nye, miljøvennlege ferjer kostar dyrt. Det må bygges nye ferjeleier, ladestasjonar og anna kostbar infrastruktur. Dette gir ikkje regjeringa ekstra midler til.

Ifølgje tal frå fylkeskommunen, manglar det 180 - 200 millionar kroner i 2020 for å halde fram med dagens ferjetilbod. Tidlegare i år blei det innført autopass på ferjene. I 12. time vedtok fylkespolitikarane at passasjerar framleis skal betale for ferjeturen slik at kostnaden ikkje blir lempa over på transportørane. Men det er berre eit spørsmål om tid før dette endrast.

I 2014 vedtok Stortinget eit mål om at alle ferjeanbod skal innehalde null- eller lavutsleppsteknologi. Det er meningslaust, all den tid det ikke følgjer med ekstra midler til fylka som går i bresjen for å møte miljøutfordringene.

Resultatet av underdekninga frå staten er at pengane må takast frå andre postar i fylkeskommunen sitt budsjett. Det er varsla stor prisauke på ferje, hurtigbåt og buss, tilbodet reduserast og det blir færre avgangar. Dette rammer næringstransport, pendling og foreldre, barn og unge som skal til og fra jobb, skule og fritidsaktivitetar.

I Møre og Romsdal er vi vand med at fjordane er ein del av vegnettet, sjølv om det inneber «bompengar» til evig tid og at vegane kun er opne nokre minutt i døgnet. Drift av ferjer er langt dyrare enn en veg, men fylket får ikkje kompensert fullt ut for kostnadane. Dessutan er brukerbetalinga høg. Fjordane er eit hinder for vekst og utvikling og billettprisane (bompengane) må ligge på eit akseptabelt nivå.


I tillegg raseres skoletilbodet til ungdomen, som vi i NHO oppmodar til å velje yrkesfag. Det er uakseptabelt å rasere yrkesfaglege linjer som er heilt vesentleg for samfunnslivet i Møre og Romsdal. Skoleelevar streikar, og fergebrukarane er rasande. Med god grunn!


Det skjer ei storsatsing i Møre og Romsdal på «smarte, berekraftige byar» og fylkeskommuna er ein av partnarane. Så lenge underskotet i Møre og Romsdal er så omfattande, vil det ta lang tid før vi kan starte ferda mot eit meir berekraftig samfunn. Kven vinn - eller taper på det? Kutta som fylkeskommunen må gjennomføre, inneber at vi rygger inn framtida, i staden for å ha full fart forover. Møre og Romsdal har ikkje økonomiske musklar til å ta gode og nødvendige grep i omstillinga til det grøne skiftet og kjem til å sakke akterut i berekraftig utvikling. Dette er ei helt urimeleg belastning for næringsliv og samfunn i eit av Noregs mest verdiskapande fylke.