Lesarinnlegg

Svindyrt klimahysteri

Frp: Frank Sve, gruppeleiar Stranda Framstegsparti.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Meiningar


– Når krybba er tom, bites hestane, heiter eit ordtak. Slik er det i Møre og Romsdal fylkeskommune for tida.

Pengane er brukt opp på opera og anna fjas, som fylkeskommunen slett ikkje skal drive med. Når krybba er tom, skuldar ein på alle andre.

Kristin Sørheim og SP lova gratis ferjer i valkampen, men i staden setter ho ferjeprisane kraftig opp. Det er Senterpartiet i praksis.

«Det grøne skiftet» har vore ein konkurranse spesielt blant MDG, SV, AP, SP, Venstre, og KrF – men også det etter kvart så "rosa" Høgre har kasta seg på galskapen.

Då eg høyrde på nyttårstalen til Erna Solberg, kunne den godt vere gjennomført av SV eller MDG. Det var klima og miljø opp og i mente, til eg ikkje gadd å høyre på dette meir og gjekk og gjorde noko anna.

Kven har ansvaret for klima- og miljøhysteriet som har ført med seg hysteriske krav om svindyre miljøferjer, dyre ladetårn og svindyr oppbygging av nødvendig straum infrastruktur?

Det er i alle fall ikkje FrP som har stått bak dette klima og miljøhysteriet som ein no ser konsekvensen av, og som alle no får den enorme rekninga ifrå.

Dette er berre byrjinga.

Alle har blitt lurt til å kjøpe elbil, men no kjem rekninga der også.

Ladekostnadane vert no sett til himmels, når det no har gått opp for desse klima- og miljøfanatikarane at det ikkje er gratis å skaffe fram og produsere nok straum.

Det vert no like dyrt å køyre frå Møre og Romsdal til Oslo og tilbake med elbil som med ein moderne dieselbil,

Verda skal bedragast


Er det mogleg å bli lurt så opp i stry, med såkalla klimanøytrale bilar og ferjer, der livsløpet med destruering av batteria er vesentleg dårlegare og verre for miljøet enn med ein ny Euro 6 dieselbil.

Kven har ropa på el-ferjer?

Jau, dei same klima- og miljøhysterikarane i MDG, SV, SP, AP, Venstre, KrF og faktisk også i Høgre.

No møter dei alle seg sjølve i døra med eit brak, og får berre leite fram dei milliardane som er nødvendig for å løyse det dei sjølve har sett i stand.

Det same ser vi i samband med cruisenæringa her i fylket. Krav om nullutslepp frå 2026 og tier 3-krav i 2025 betyr tom Geirangerfjord i 2024/25.

Null skip er 400 000 turistar mindre til dette området og eit inntektstap på 360 millionar kroner og tap av hundrevis av arbeidsplassar.

Folk startar no å flytte ut av Geiranger.

Det er berre å gratulere prosjektet Grøn fjord – som har prestert å oppnå tom fjord.

Eit av verdas reinaste land

Bitte vesle Norge skal redde verda.

Medan dei andre landa hegnar om sine arbeidsplassar og sitt land, gjer vi i Norge det meste for å øydeleggje oss sjølve med eit vanvettig klima- og miljøhysteri. I eit av verdas reinaste land.

Det er berre ein måte å gjere dette på.

Det er å øyremerke midlane til ferjedrift, vidaregåande skular og dei lovpålagde oppgåvene i fylkeskommunen, slik at ein i framtida hindrar Torve, Kjølmoen, Sørheim og SV sin representant Yvonn Vold moglegheita til å sløse vekk ferjepengane på opera og alt anna unødvendig fjas.

Folk må berre fortsette å stemme fram SV, MDG, AP med vidare – så ryk vel tusenvis av olje og gass arbeidsplassar her i fylket også,

Med «kjøttskam» og anna tøv legg ein vel etter kvart også landbruksnæringa i grus.

Kva skal vi leve av i framtida med desse klima- og miljøhysterikarane, med MDG, SV, i front?

Det blir vel tilbake til 30-40-talet med sykkel og ufarga klede, der hest og kjerre skal tilbake,

No må snart folk vakne opp, og sjå kva som er i ferd med å skje.