Lesarinnlegg om ferjene i Møre og Romsdal

Ja, ta ansvar!

Frp: Frank Sve, gruppeleiar Stranda Framstegsparti.  Foto: Renate Furre Henriksen-Sandvær

Meiningar

I eit innlegg frå AP-representant Erik Kursetgjerde får absolutt alle utanom AP passet sitt påskrevet, og absolutt alle andre har ansvaret for ferjesituasjonen her i fylket.

Erik skriv:

– Folk ynskjer handling – og den einaste moglegheita ein har til å reversere takstaukane snarast råd er ekstra løyvingar.

Den absolutt einaste moglegheita som finnast her i fylket for å betre situasjonen for dei ferjereisande og næringslivet, er det faktisk eg og du samt resten av fylkestinget her i fyllet som kan gjere noko med og vi kan gjere noko med dette akkurat no!

Faktisk kan vi i lag handle og gjere ein forskjell.

No hadde eg ikkje forventa så mykje frå Kursetgjerde i samband med samferdselspolitikken her i fylket, men hadde likevel forventa at ein tok seg bryet med å setje seg litt betre inn i saka.

I svært mange år har ein arbeidd med ferjenøkkelen.

Heilt frå tidspunktet Møre og Romsdal fylke vart påtvinga av den raud/grøne regjeringa til Kursetgjerde, å ta over riksvegferjene, mangla fylket ca. 120 millionar kroner per år.

I åra frå 2010 til ny regjering kom i 2013, fekk fylket rundt 270 millionar kroner til ferjedrifta per år, frå ny regjering kom på plass steig løyvingane til heile 426 millionar kroner per år.

Eg veit kven som medverka til å rydde opp i dette raud/grøne surret, det var i i alle fall ikkje Erik Kursetgjerde og AP.

Etter dette har fylket brukt årleg om lag same summen som ein har forbrukt, og hoppet i kostnad kom no når AP og Kursetgjerde tok over styringa av fylket i 2020.

At AP, SP og gjengen heller brukar pengane 150 millionar kroner på opera, fleire hundre millionar kroner årleg til område som fylket ikkje har ansvaret for, forstår eg godt er vanskeleg å snakke seg vekk ifrå.

Ikkje sant, Erik?

Så er det berre dagens fylkesting som kan gjere noko med ferjetakstane her og no i 2020.

Alle veit at det ikkje er råd å endre ferjenøkkelen med eit «benkeforslag» slik AP kom med, eit reint markeringsframlegg var dette, som det blir omtala som i «Stortingsspråket»

Vi må ta dette ansvaret sjølve i 2020, og vi har to alternativ.

Autopass-direktivet kan vi anten utsette eller ikkje innføre her i fylket.

Dette kostar ingen ting for fylket, Autopass kortet og brikka skal brukast, men vi kan nytte Riksregulativet slik at bilistane sparer 32 % samt at næringslivet unngår takstaukar på 8-39%.

Er du med på dette Erik og AP?

Dette er akkurat slik du skriv, ta ansvar og gjer noko med saka.

Eg og FrP har fremma eigen interpellasjon til fylkestinget 21. april. Då kan du faktisk få vise meg i praksis om du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Det andre alternativet er å bruke dei 70 millionar kronene som kom som ekstraløyving i frie midlar frå staten i desember. Pengane står per i dag på disposisjonsfondet og kan nyttast i år til å kutte dei to takstaukane i ferjedrifta.

Dette dreiar seg rett og slett om vilje, og Statsråden den gong var også tydeleg på at pengane kunne og burde brukast til ferjedrifta.

Ikkje noko snill snakk, eller bortforklaring – dette er eit realframlegg som vil kunne løyse saka for 2020.

Dette framlegget er også inne i interpellasjonen til fylkestinget 21. april, her kan du også Erik Kursetgjerde vise at du verkeleg bryr deg om kystfolket og dei som er avhengige av ferjer.

Så har din fylkesordførar sagt at ho trur at regjeringa kjem til unnsetning og reddar dykk i 2021.

Om AP, du og resten av fleirtalet får lov til å fortsette å bruke ferjemidlane til opera og andre ikkje lovpålagt område tvilar eg sterkt på.

Nye midlar til ferjedrifta til fylka må rett og slett øyremerkast, slik at du Erik Kursetgjerde og resten av AP og dei raudgrøne, aldri meir får anledninga til å kunne tømme ferjefondet frå salet av ferjerederiet Fjord1, og bruke opp pengane på finkultur og opera blant anna.

Ta ansvar i lag med meg, du har moglegheita til dette i fylkestinget i april, og stemme for interpellasjonen.