Lesarinnlegg om Autopass og ferjetakstene

Ofte ein fordel med kompetanse

  Foto: Frp

Meiningar


Erik Kursetgjerde frå AP viser til at underteikna er ein av dei med lengst fartstid innan samferdselspolitikk her i fylket.

Det har han sikkert rett i, men naudsynt kompetanse på eit så vanskeleg område har aldri vore ein bakdel.

Eg las innlegget frå Kursetgjerde i rundt 10 sekund, for å konstatere at han enda ikkje har forstått verken saka som har vore til drøfting, min interpellasjon, eller kva vi i det heile har debattert i samband med ferjeprisar og Autopass.

Eg skal forsøke igjen:

Autopass skal vi innføre som system, dette ligg fast også i ferjekontraktane der Autopass-brikke og kort skal nyttast

Debatten som no går og som også var i fylkestinget som sak før jul, var om Autopass-direktivet skulle innførast, eller om riksregulativet framleis skulle bestå.

Erik Kursetgjerde: Det har aldri vore tema om å ikkje nytte Autopass-systemet, då det er avklart med Vegdirektoratet at dette systemet kan brukast både på det nye Autopass-direktivet som fører til auke med 32 % for bil og 8–39 % for næringslivet eller Riksregulativet som vi har brukt fram til no med årleg auke på rundt 2,8 %.

Har du forstått dette no Erik?

Vi blir ikkje noko «annerleisfylke» uansett kva som skjer. Det same Autopassystemet skal innførast over heile landet, og gir sjølvsagt ikkje noko problem med våre kontraktar i samband med ferjedrifta.

Vi i FrP stemte før jul i lag med Nordmørslista og begge Sunnmørslistene for å skrote Autopassdirektivet og heller nytte Riksregulativet som før.

Du og AP derimot, måtte for alt i verda nytte det svindyre og greinalause Autopass-direktivet – noko absolutt ingen andre av befolkninga eller næringslivet forstår grunnlaget for.

Ut over dette så har eg følgjande utfordring til deg:

– kva om vi snur på saka, og nyttar dei 150 millionar kronene som du og AP vil nytte til opera til tunnelsikring i staden?

Då brukar vi enda meir til det viktige tunnelsikringa slik du argumenterer for.

150 millionar kroner frå ferjefondet frå salet av Fjord 1 som er kapitla og infrastrukturfond som sjølvsagt godt kan nyttast til dette.

Då frigjev ein dei 70 millionar kronene i form av frie midlar som står på disposisjonsfond, og som godt kan nyttast til å kutte ferjeprisane.

Ut over dette har eg ikkje tenkt å kommentere ditt innlegg noko meir.

Men eg konstanterar at du arbeider iherdig for å marknadsføre eit solid politisk samarbeid for kommunesamanslåing med Sykkylven.

Eg fekk lyst til å seie von dess.