I sist kommunestyremøte den 20.03 vart det debatt i ei skjenkesak, der det mellom anna vart litt tvil om kva som er/har vore praksis angåande varigheit av sals-, skjenke- og serveringsløyve som vert gitt.

I «kampens hete» vart det grunna ei misforståing slik at eg og fleire andre av Høgre sine representantar valde å gå for eit tidsavgrensa løyve til Sept. 2024, i staden for til Sept. 2028 som var søkt. Dette var uheldig, og eg tek sjølvkritikk på det.

I same sak var det også eit uheldig utspel frå mi side som kan tolkast som at Høgre vurderer å vere med på å innføre eit øvre tak på tal skjenkeløyve. Bakgrunnen for at det vart sagt, er at Stranda kommune skal rullere «Rusmiddelpolitisk handlingsplan» no i år. I den samanheng er det ein teoretisk sjanse for at det kan innførast eit øvre tak på tal løyver. Dette vert avgjort av kva kommunestyret vedtek.

Eit slikt tak er sjølvsagt ikkje noko Stranda Høgre vil vere med på å innføre, og eg er heilt sikker på at verken FrP eller dei fleste andre parti heller ikkje er med på dette.

Det skal ikkje vere nokon tvil om at Høgre er for ein liberal, men ansvarleg alkoholpolitikk. Alle aktørar som ønskjer det, skal kunne få løyve. Eit løyve skal vere enkelt å få, men enkelt å miste for dei useriøse som ikkje følgjer lovar og reglar.