Under overskrifta «Minnelund – nok ein gong» kjem Leonhard Vårdal med nokre synspunkt som vi gjerne vil kommentere.

Leonhard Vårdal har rett i mykje av det han skriv, spesielt med omsyn til at han og SV er engasjert i saka. Frå politisk hald er det slik vi ser det ingen som har løfta fram denne saka meir enn Vårdal og SV.

I tillegg til det politiske engasjementet, er det fleire privatpersonar uavhengig av politisk ståstad som til dømes Lene Fohlin som har engasjert seg sterkt.

Det vi gjerne vil kommentere er Vårdal sitt utsegn om at Frp og Høgre stemte imot eit budsjettforslag som inneheldt 1 mill. kroner til minnelund. Vårdal lèt etter seg eit inntrykk av at desse to partia ikkje ønska minnelund, noko som sjølvsagt er heilt feil.

Framstegspartiet og Høgre hadde også minnelunden med i sin budsjettprosess. Jarle Strømmegjerde stilte på vegner av dei to partia spørsmål til kommunedirektøren om kvifor han ikkje hadde med finansiering av minnelunden i sitt budsjett, og om vi burde ta det med.

Svaret var at når vi verken visste når prosjektet var klart, eller kva det ville koste, var det vanskeleg å legge det inn. Kommunedirektøren meinte at det var betre å finansiere prosjektet med fondsmidlar når det var klart, og kostnadane var kjente.

Med tryggleik for at vi hadde finansiering via fondsmiddel, unnlét vi å ta det med i budsjettet.

Det har vore stor politisk semje om dette prosjektet, og det håpar vi at det framleis skal vere. Framstegspartiet og Høgre har støtta prosjektet heile vegen, og det skal vi sjølvsagt gjere også i fortsettelsen.