Når ein veks opp med besteforeldre fødde rundt førre hundreårsskiftet, så har ein eit nært forhold til korleis mange stadnavn her i bygda vart uttala før. Tjønes, Ørsjnes, Ikønnjes og Sykkjølvinj kling mykje betre i øyret enn slik skriftforma var og til dels er.

Eg skreiv siste året på Sykkylven Vidaregåande Skule ei særoppgåve om stadnamn på garden Aurdal, og intervjua eit titals informantar mellom 60 og 90 år for å sikre meg gode kjelder. Glad er eg for det, for denne kunnskapen og dette talemålet er no så godt som tapt for framtida.

For å unngå misforståingar og skuldingar om eigenplagiat som har vorte så populært, så er kjelda til resten av denne teksten oppgåva «Stadnamn på garden Aurdal i Sykkylven» av Sigurd Johan Saure, februar 1991:

Den største tornen i auget til alle eg prata med, var namnet på fjellet rett aust for garden vår. På alle kart, stod det tydeleg å lese «Rømerhorn» - og det var ei unison haldning at den gode Rømer var sopass dårleg likt i området at det var ei regelrett hån å antyde at fjellet skulle fått namnet sitt etter han. Namnet stammar frå den karakteristiske formasjonen på nordsida, som vart kalla ei «reim» eller «rim», og er rett og slett ei egg. Språklyden låg mellom e og i, men nærare ein i- enn e-lyd. Dei eldste var tydelege på at fjellet heiter Rimerhønnje eller til nød Remerhornet. Linken til spradebassen på Klokkehaugen har nok ein overivrig stadnamnkonsulent skapt ut av eige hovud, i same andedrag som Tynes, Aursnes og Ikornnes.

Så lat oss legge skuldingane om at ein Dansk major skal ha noko som helst med namnet på eit sykkjølvsk fjell å gjere døde og makteslause ein gong for alle. Namnet er og blir Rimerhønnje.