Einar Arve Nordang, kva stiller du egentlig spørsmål om?

Eg har ikkje for vane å forsvare statsråd Gjelsvik, men spørsmåla til statsråden frå Høgre sin ordførarkandidat Einar Arve Nordang er så greinalaust feilplassert at eg berre må reagere.

Sist saka ang nullutslippskrava for verdsarvfjordane var oppe i Stortinget, var dette etter forslag om utsettelse av kravet om nullutslipp, frå 2026 til anten 2030 eller 2035.

Høgre, AP, SV, KrF og Venstre stemte ned forslag om utsettelser og stadfesta effektivt vedtak frå og med 2026.

Det var kun FrP og SP som stemte for utsettelse av kravet for nullutslipp. Dette fordi kravet verken var realistisk eller teknologisk mulig, og at konsekvensane ville kunne bli svært alvorlige for bygdene langs verdsarvfjordane.

Såleis er spørsmåla frå Einar Arve Nordang til statsråd Gjeldsvik aldeles vanvittige, når realiteten er at kommunalministeren faktisk berre gjennomfører eit vedtak med pålegg frå eit fleirtal med Høgre i spissen.

Kva er det du egentlig meiner, og kva vil du fram til Nordang?

Kva har du og dine til dømes også stemt her i Stranda ang denne saka?

Høgre har stemt for absolutt alle saker i både Stranda hamnevesen og i kommunestyret. Stemt for villigheitserklæring der ein lovprisar nullutslippskravet og der posisjonsparti med varaordførar støtta på vegner av Stranda kommune verdsarvrådet sin sterke støtte og krav til akkurat dette nullutslippsvedtaket.

Kun FrP har stemt imot her i kommunen.

Så kva er det du vil fram til?

Høgre har vore i front både i Stortinget og i kommunen for å få dette nullutslippsvedtaket for verdsarvområda. No når konsekvensane av dette vanvittige vedtaket klart og tydelig kjem fram, skal brått Høgre «rydde opp».

Rydde opp og vere høge og mørke, når dei sjølve er ansvarlige?

Det er kanskje same måten Einar Arve Nordang skal «rydde opp» i kaosøkonomien til kommunen, etter at partiet har vore støttehjul til Tryggestad i 12 år, og ansvarlige for absolutt alt.

Nei, dette her held ikkje mål Einar Arve Nordang!

Det er ikkje statsråden dokke burde sendt desse spørsmåla til, men sendt dette internt direkte til Erna.

Det er Høgre ilag med resten av partia som sørga for endeleg vedtak ang nullutslippskravet for verdsarvfjordane.

FrP og SP har ivertfall ikkje ansvaret, like lite som statsråden.

Rett skal vere rett!