Takk til Nils Einar Rye for fin artikkel i Nyss på fredag, ein artikkel som, historisk og balansert, er med på å fylle ut biletet.

Sjølv greier eg ikkje å sjå verken balanse eller meining i det som går føre seg i Gaza. I medieomtalen hallar den vestleg pressa tydeleg til ei side, om ho er langt meir balansert i dette tilfellet enn i den einsidige propagandaen til støtte for dei snart tallause krigane vestlege land elles fører, i heile verda. Denne gongen kan ingen hindre at informasjon kjem ut; det verda har krav på å få vite.

Etter angrepet frå Hamas den 7. oktober, har israelsk presse opplyst at 683 israelarar vart drepne, av desse 16 born. Desse 683, nesten halvparten israelske soldatar og politifolk, er til no identifiserte - og tala er truleg ikkje fullstendige. I pressa opererer ein med siffer godt over 1000. Dette er i alle fall tal som i seg sjølve fortel lite om menneskelege lidingar, i det som berre kan kallast ei terrorhandling.

Dei siste tala frå Gaza fortel om minst 7028 drepne palestinarar, av desse 2913 born. Til no er 6747 identifiserte. Palestinske born skriv namna sine i hendene for at det skal bli lettare å identifisere dei når bombene har falle.

Det som går føre seg på Gaza-stripa er eit folkemord, der Israel bombar alt og alle: bustadblokker, torg, heilage stader, sjukehus - alle stader der palestinarar samlar seg eller søkjer ly. Dette er ein krig mot Hamas heiter det, men 2913 palestinske born er pr. definisjon ikkje Hamas. I beste fall er dette feil strategi, om ein ikkje beint fram ønskjer å fordrive eller drepe alle palestinarar. Det vesle som har fått passere av humanitær hjelp er knapt ein drope i havet. I praksis er all tilførsle av mat, vatn og drivstoff stansa. Og utan drivstoff, ingen straum, ikkje ein gong til sjukehusa. Nærare halvparten av dei 2,3 mill innbyggjarane står utan husvære.

Vestlege leiarar gjer ingen ting for å stanse dette. I staden uttrykkjer dei full støtte til Israel. Med svært få unntak kan ikkje vestlege land ein gong vere med på å støtte eit SN-krav om våpenkvile. Det som kjenneteiknar Vesten her, som i verdsbiletet elles, er ein politikk som i praksis sjedan støttar menneskerettar og menneskeverd.

Når Jerusalem post melder at 86% av jødiske innbyggjarar i Israel skuldar  Netanyahu for det som har hendt, amerikanske jødar okkuperer Capitol Hill for å få slutt på krigshandlingane i Gaza og fleire hundre tusen demonstrerer til støtte palestinarane, i til dømes London, så blir dette helst ikkje kommunisert. Det tel ikkje. Tvert imot er protestar og demonstrasjonar som støttar palestinarane forbodne i fleire vestlege land.

I det litt større biletet kan dette lett bli ein ny og langt meir omfattande krig. Det er lenge sidan fredsviljen i vår del av verda har vore så svak som i dag.

Ein ting er i alle fall sikkert: Om krigar også kan kallast rettferdige, har vanlege folk inga interesse av ein krig. Det er først og fremst dei som får lide. Krig er død! Enkelt og greitt.