Administrasjonen i Stranda gjev seg ikkje, dei eldre skal vist berre få klare seg sjølve, med minst mulig hjelp frå kommunen.

Ja, for slik stod det i saka ang. revidering av omsorgstrappa og kriterier for tildeling av helse- og omsorgstjenester i Stranda kommune i siste kommunestyremøte.

FrP klarte å få med resten av kommunestyret til å ta denne vanvittige saka berre til orientering.

Eit fullsett kulturhus med pensjonistar gav det glatte lag til RO-prosjektet sist vår, administrasjonen har tydelegvis gløymt dette.

I kommunestyresaka stod det: «...må kommunen difor gjere vurderingar med å sjå på korleis dei kan vri ressursinnsatsen frå dei tyngste trinna i omsorgstrappa, til tjenester og tiltak som hjelper innbyggjarane til i størst mogleg grad å meistre eigne helseutfordringar og leve sjølvstendige liv med minst mogleg kommunal innblanding».

Er det nokon som meinar dette seriøst?

Folk lever lengre og har i dag gode liv og tek godt vare på seg sjølve, heilt til det seier «stopp» og ein trenger betydeleg hjelp.

Då treng dei eldre omsorgsbustadar med heildøgns pleie og sjukeheimsplassar av ulike kategoriar.

Det er dette som er dei to øvste trinna i omsorgstrappa, som altså administrasjonen vil redusere, og la folk liksom berre vere heime og klare seg sjølve.

Det Stranda kommune trenger no er eit regelrett eldreopprør, der foten må setjast hardt ned ein gong for alle mot dette RO-tøvet som administrasjonen har fått leike seg med i 5-6 år og forbrukt mange millionar kroner på.

Stranda kommune treng å bygge nye tilrettelagte omsorgsbustadar med heildøgnspleie sentralt anten på Lånamarka eller sentrumsnært, samt ny sjukeheim.

Dette er dei tilboda som pressa seg fram, og det er her «omsorgstrappa» skal ha sin fokus og prioritering.

Så må administrasjonen slutte med dette aldeles meiningslause at dei eldre skal måtte klare seg heime åleine enda lengre, dette er verken realistisk eller forsvarleg.

No må jammen nokon snart ta til vettet, og faktisk begynne å høyre på dei eldre.

Eit eldreopprør må til på Stranda.

Eldreomsorga må styrkast ikkje kuttast.

Ny sjukeheim må prioriterast.

Nye omsorgsbustadar med heildøgns pleie må prioriterast.

RO-prosjektet, svindyr konsulentbruk slik som frå Agenda Kaupang må stoppast.

Vi trenger ikkje meir av det som har vore; store kutt innan eldreomsorg, pleie og helse samt vanvittig pengebruk og ressursbruk på hjelpeslause RO-prosjekt og det som verre er.

Eg utfordrar Stranda pensjonistlaget til enda eit «stormøte» i kulturhuset med framtidig eldreomsorg på Stranda som tema, og eit slikt møte hastar.

Eg fryktar at administrasjonen vil forsøke seg igjen med å presse igjennom denne saka i kommunestyret den 20/3-2024.

Dette kan DU som innbyggjar i Stranda kommune bidra til å stoppe, engasjer dokke!