«Kommunedirektøren ynskjer å redusere lengda på kor lenge vi har historiske opptak tilgjengelege på internett, og ber kommunestyre gjere vedtak om 12 månader til det formålet», les vi i sakspapira til formannskapsmøte 15. april og det høyrast kanskje ikkje så dramatisk ut i første augekast, men varsellampa hos oss i Venstre går opp for fullt.

Universitetet i Oslo har 2023 gitt ut ein Tilstandsanalyse av det norske demokratiet som konkluderer blant anna med at det norske demokratiet ser mot «en betydelig demokratisk tilbakegang» på 10% på 10 års sikt (2023, C.H Knutsen med fleire). Men er ikkje det gamalt nytt? Om ein ser på konfliktene vi opplever i Europa i samband med krigen i Ukraina så bør ein skjønne fort at demokratiet ikkje kan takast for gitt, det er ikkje ein tilstand først oppnådd så er han urørleg, det er heller ein prosess ein stadig må jobbe for å oppretthalde.

I Norge har vi utan tvil eit stabilt og sterkt demokrati, og vi nyter godt av konsekvensene samanlikna med andre land. Ein av demokratiets pilarar er openheit og innsyn i dei demokratiske prosessane som er med på å styre dette landet. Også på lokalpolitisk plan er dette eit viktig kjerneelement som gir innbyggarar moglegheit til medvirkning. Demokratiet er eit folkestyrt system som er avhengig av at folket får moglegheit til å involvere seg, seie si meining og påverke avgjerdene som blir tatt i den pågåande politiske debatten, og sist men ikkje minst i dei politiske vedtaka som påverkar innbyggarane i det daglege. Openheit og innsyn er noko ikkje alle kommunene i Noreg er like gode på og det bør difor vere eit genuint mål om å jobbe for å oppretthalde og stadig forbetre status quo. I Sykkylven kommune har Venstre vore ein tydeleg aktør i å gjere nettopp dette. Det er takka vere Venstre at kommunestyremøta i dag blir streama og er tilgjengelege i etterkant for å sjå tilbake på ei sak og kva som var argumentasjonen i forkant før vedtak blir fatta.

Når kommunedirektøren no kjem med forslag om å sette tilgjengelegheita til desse opptaka på ei avgrensa tid så er det etter vår meining ein klar tilbakegang og dermed svekking av demokratiet. Forslaget til kommunedirektøren blei samrøystes vedtatt i formannskapsmøte mandag 15.april (sak 33/24) og vi må spørre oss om representantane hadde tenkt seg godt nok om kva konsekvensar dette kan ha for openheita og innsynskravet til lokaldemokratiet.

Det er nemlig slik at ei sak ofte kan strekke seg over meir enn eit år og det kan vere viktig for innbyggarane å få innsyn i argumentasjonen og debatten som førte fram til eit vedtak. I møteprotokollen står det ofte lite, om ikkje ingenting, for grunnlaget av eit vedtak og det vil i etterkant vere vanskeleg å spore tilbake til kva som blei sagt for at kommunestyremøtet kom fram til vedtaket. Ofte er det også ein politisk intensjon knytt til vedtaket som kjem utelukkande fram i debatten før vedtaka blir fatta. Dette vil ein kunne sjå i opptaka av kommunestyremøta. Om dei blir sletta så forsvinn dette for alltid. Hvis vi no skal gå inn for å begrense lagring av opptaka til 12 månadar så innskrenka vi innsynsretten til innbyggarar. Det meiner vi må forhindrast på vegne av demokratiet.

Kjelde: 2023, Tilstandsanalyse av det norske demokratiet, Carl Henrik Knutsen, Sirianne Dahlum, Elin Haugsgjerd Allern, Sara Bjønness Hagfors, Jan Erling Klausen, Martin Søyland og Tore Wig, Universitet i Oslo.