Etter å ha lest artikkelen til KrF i Nyss, må eg verkeleg seie meg einig. Det at Solbakken skal leggjast ned er underleg.

I Stranda kommune er det åtte plassar i Geiranger, seks i Liabygda og 22 på Hellesylt. Meg bekjent. 22 på Solbakken. Ni bur der no. Folketalet og behovet er størst på Stranda, då er det merkeleg at det er her dei skal leggjast ned.

Eg trudde plassane i dei andre bygdelaga var tiltenkt innbyggjarane der, men i årevis er det strandarar som har blitt plassert der. Er desse plassane freda der?

Nedlegginga burde vere der, og ikkje der behovet er størst. Mor mi var i Geiranger i sju månadar, skulle dit på «ferie» vart det sagt, på korttidsvedtak. Etter det fekk ho ei «bod» på sjukeheimen her i fire månader, før ho endeleg fekk plass på Solbakken.

Det er ikkje sant at Solbakken er nedsarva og for dårleg som enkelte hevdar. Den bør brukast til ny er på plass. Ein ny er eg redd tek årevis å få plass. I årevis har vi høyrt at «det er ledig plass i Liabygda, Hellesylt eller Geiranger». Dette må det vere lokalpolitikarar frå desse bygdelaga som har fått i stand, og det er ikkje rett. Utlyste stillingar av sjukepleiarar og helsefagarbeidarar må vere 100 prosent, og ikkje 80 prosent eller 60 prosent som enkelte blir bydd. Ikkje rart om ingen søkjer då.