Eg les i lokalavisa at representantar frå Frp slett ikkje ønsker å oppretthalde eit minimum av offentlege tenester i bygdene i Stranda kommune. I mitt førre lesarinnlegg påpeika eg viktigheita av å ha visse offentlege tenester tilgjengeleg i heile kommunen. Ein lege som er i Geiranger og på Hellesylt ein dag i veka, og tek imot dei same pasientane som elles måtte teke turen til Stranda, er svært viktig for desse pasientane og bygdelaga. Lovpålagde oppgåver som skule og barnehage, trygg oppvekst  og ein god alderdom, bør vere sjølvsagde tenester i alle bygdelag.

Eg understreka også at tyngda av dei offentlege tenestene sjølvsagt skal ligge på Stranda. Her vel representantane frå Frp å lese berre det dei ønsker. Å vri dette til propaganda for sin valkamp, der dei klart og tydeleg vil vinne stemmer i Stranda tettstad, er ikkje særleg sakleg. Å setje bygdene opp mot kvarandre, er simpel politikk.

Kommunestyrerepresentant Sve kallar innlegget mitt for svada og lite seriøst. Eg kan ikkje finne meg i å ikkje få hevde mi meining, og ikkje få uttrykkje kva eg skal kjempe for. Det skulle berre mangle at ikkje ein lokalpolitikar skal få jobbe for saker som opptek dei som har stemt på han. Så eg gjentek; eg skal arbeide for at Stranda skal vere ein god kommune å bu i for alle.

Dei same representantane som kommenterte mitt innlegg, har i fleire samanhengar gitt uttrykk for at dei vil ha grensejusteringar, og samanslåing med Sykkylven. Er det verkeleg slik strandarar vil ha det? Vil dei gje vekk Liabygda, Hellesylt og Geiranger, og slå restane saman med Sykkylven?

Skulle Frp få fleirtal i komande kommuneval, veit vi no fasiten på kva strandafolket har i vente. Eg har opplevd Frp-representantane som gode samarbeidspartnarar på godt og vondt, og har stor respekt for fleire av dykk. Men slik propaganda som de har vist i innlegg etter innlegg for å skape uhygge, splid og usikkerheit, synest eg svært lite om. Om dette er strategien dykkar for å få til ei velfungerande Stranda kommune, er eg glad for at alle kan stemme etter eigne ønske og oppfatningar.