No er førehandsrøystinga i gang, og dei komande vekene vil innbyggarane i Sykkylven vere overfylt med lovnadar og flosklar om betre tider.

Alle partia vil presentere ordførarkandidatane sine, og samtlege parti har gode kandidatar. Men, hugs at vi i Noreg har eit demokrati, og dermed betyr denne eine stemma (ordførarkandidaten) akkurat det same som dei 28 andre stemmene i kommunestyret. La komande val bli eit val om parti og alle kandidatane, og ikkje berre mynta på ein person, ein ordførarkandidat.

Nettopp demokrati ville eg seie litt om, for eg har høyrt folk seie at det er ikkje vits i å stemme på det partiet, for ingen vil samarbeide med dei, det er ingen vits å stemme på det partiet, for dei er for små og får for lite å seie om dei kjem i posisjon saman med andre.

Vel, for å ta det med samarbeid, lokalval er veldig forskjellig i forhold til stortingsval. Her lokalt kan faktisk dei fleste partia samarbeide. Eg kjenner dei fleste politikarane som står på val, og eg kan betrygge alle innbyggarane med følgjande: Det største partiet, altså det partiet med flest stemmer kjem til å kome i posisjon. Det er ingen parti som er så maktsjuke at dei kjem til å utelukke det partiet som får flest stemmer. Såpass tru må oss ha på demokratiet.

Eg skreiv faktisk ei oppgåve på årsstudium i engelsk i Volda der eg nettopp påpeika kvifor Noreg har eit betre demokrati enn England og USA. Det er veldig feil tankegang å tenkje at di stemme ikkje betyr noko, for i Sykkylven kjem det partiet med flest stemmer til å kome i posisjon. Politikarane i Sykkylven har enorm respekt for demokratiet, og viss det største partiet ikkje fekk vere med i posisjon,en så ville det betydd det motsette og det kjem ikkje til å skje. Såpass tiltru bør vi ha til alle politikarane som er på val.

Alle parti bør før valkampen vere ærlege med sine veljarar og seie kven ein ser for seg å styre saman med. For Sykkylven Framstegsparti sin del er det naturleg å samarbeide med dei borgarlege partia. Men dei siste 4åra i opposisjon har vist at vi samarbeida veldig godt med Arbeiderpartiet også. Fordi kommuneval er veldig annleis enn Stortingsval. Saman med Arbeiderpartiet leverte vi eit budsjett i desember med 5 mill.kroner i auke til skulesektoren. Bla til nye lærebøker med omsyn til ny læreplan, men også nye stillingar. Dessverre blei vårt budsjett nedstemt. Men no i valkampen ser eg at fleire parti kjem etter og vil love denne auken i valkampen… Alle som kjenner meg og samtlege i kommunestyret veit at eg i åtte år har kjempa for å overbevise alle politikarane om å få statleg finansiering av helse og eldreomsorg. Eg har blitt nedstemt og kommunen har mista 25-30 mill. kroner p.g.a. dette. Men, det er ingen grunn til å gi opp. Eg og partiet kjem til å halde fram kampen, og første målet er å opne Dei fire romma som posisjonen i år har stengt på BUAS. Posisjonen kan påstå 4 rom ikkje har blitt stengde, men det er feil.Husk å bruk stemmeretten, det er veldig viktig. Kvar stemme tel, det viste valkampen for  fire år sidan, der vi miste eit medlem i kommunestyret etter kontrolltellinga.

Til alle politikarar, parti og veljarar: Lukke til med kommunevalet.