Selskapet med dekknamnet «World Heritage Salmon» vil starte produksjon på land i Synnylvsfjorden for å skjerme industrilaksen mot lus og sjøen skulle bli fri for kloakk og rømlingar. Men anlegget blir ikkje så lukka likevel. Kloakken skal gå til sjø med enda større nitrogenutslepp enn før. Statsforvaltar, Riksantikvar og UNESCO tilrår å droppe planane sidan industrianlegget vil gi for store inngrep i verdsarvområdet. Kommunen med namnet «Fjord» ønsker likevel å gi løyve sjølv om fleire spør seg: «Vil vi verkeleg dette?» (ref. lesarbrev i Storfjordnytt, Sunnmørsposten, NRK m.m.)

For nokre ti-år sidan var Storfjorden rik på laks, brisling og sild. Det var levande elvar og eit rikt fiske i fjorden. Notlag kunne lande store fangstar med enkelt utstyr når silda kom. Fugl og kval kom etter. Det var overflod. Til og med laks og sjøaure blei fiska med not. Det levde hummar på fjordbotnen som no er dekt av slam frå lakseoppdrett. Laks, sjøaure, sild og brisling er nesten borte frå Storfjorden. «Nedgangen i totalfangstene fra 1970-tallet kan ha sammenheng med endringer i miljøforholdene», skriv Havforskningsinstituttet om brislingen.  Fjorden er svekka, men det går gradvis og vi ser det ikkje så tydeleg.  Idealistar kjempar for å redde restane av laksestammane i elvane etter overfiske, sjukdom og annan miljøskade, men dei får lite hjelp.

Meir utslepp i sårbar fjord

Meir oppdretts-kloakk er det motsette av det Storfjorden treng. Utbyggjaren hevdar at det kanskje ikkje blir så ille. Trur vi på det? Industrilaks-anlegga må heller reinse opp, ikkje sleppe ut meir. Oslofjorden er til samanlikning i ferd med å bli kvalt, det finst knapt ein fisk igjen. Daudt hav. Utsleppa frå Raudbergvika er berekna til å bli like store som i Oslofjorden. Kan Storfjorden lide same skjebne?

Import og eksport

Industriell lakseproduksjon har eit svært stort klimaavtrykk, med importert fòr og eksport til EU, Asia og USA. Dette er «World Wide Salmon» ikkje «World Heritage Salmon». Reint vatn frå Storfjorden skal pumpast på land, men vatnet vil bli mindre reint etter kvart som utsleppa aukar. (Var det nokon som nemnde brønnpissing ?)  Planane er ikkje tilpassa fjordlandskapet. Dette er det motsette av kortreist mat basert på lokale råvarer. «World Heritage Salmon» utnyttar statusen til verdsarv-namnet men vil i praksis svekke verdsarv-kvalitetane.

Lokale inntekter

Kvifor er det ikkje bu- og driveplikt for anlegget som i landbruket?  Kan kommunen stille krav om lokalt eigarskap?  Talet på tilsette er usikkert og kan minke med automatisering og fjernstyring.  Kor mykje naturskade kan tolast mot eit ukjent tal arbeidsplassar med ei uviss framtid ? Landbasert oppdrett er umoden og aktørar innan næringa sjølv hevdar at landbasert oppdrett ikkje er framtida. Dersom «Fjord» trass dette vil ha industrianlegget, må avløpsvatnet være reint. Steindeponi må droppast, lokalområdet må få del av inntektene. Industribygg og installasjonar i dagen ved innløpet til Norddalsfjorden og Sunnylvsfjorden må utgå.

Om det ikkje let seg gjennomføre så er prosjektet meir til skade enn til gagn.  «World Heritage Salomon» må uansett snarast ta medansvar for å redde dei lokale laksestammane om dei skal smykke seg med det namnet. Målet må vere å få tilbake meir av det rike dyrelivet. Fisk, fugl, krepsdyr, plankton, algar, kval og alt som høyrer til i ein levande fjord.