«Kvifor vil du deg så vondt som å gå inn i kommunepolitikken», var det ein som spurde etter at det vart kjent at eg stod på lista til Stranda Høgre bak ordførarkandidat Einar Arve Nordang.

Sjølvsagt tenkte eg meg grundig om før eg sa ja til nominasjonen. Med skiftarbeid på Orkla Stabburet og ansvar for to barn på 7 og 9 år fyk dagane som oftast av garde. Ville det då freiste med lesing av dokumenter og lange møter i partigruppa, kommunestyret og utval? Dessutan hadde eg noko å bidra med i politikken? Kunne eg handtere kritikk og motstand frå andre?

Det korte svaret på spørsmåla er at eg elskar og har trua på Stranda. I motsetnad til mange av dei eg gjekk på skule med, har eg valt å bu, jobbe og leve i heimkommunen. Graset er ikkje alltid grønare på den andre sida av gjerdet, og eg trivst mellom fjord og fjell.

Om barna mine kjem til å tenkje på same måte når dei vert vaksne, veit eg sjølvsagt ikkje. Men når eg vil gjere ein innsats i politikken, er det fordi eg vil at dei skal ha eit reelt val. Ingen skal vere nøydde til å reise frå Stranda for å leve gode liv.

Men om barna i kommunen skal få ei oppvekst som gjer kjærleiken til Stranda like stor som min, treng dei ei stemme i politikken. Ei stemme for godt innhald og høg kvalitet i barnehagar og skule, og for tilbod på fritida som appellerer til og stimulerer dei. Høgre er det partiet som prioriterer skulen framfor alt, og i programmet vårt understrekar vi kor viktig arbeidet dei mange frivillige gjer både for dei små og dei vaksne. Eg vil jobbe for eit enda tettare samarbeid mellom kommunen og frivilligheita for at alle skal kjenne seg trygge og ivaretekne i samfunnet vårt.

Det som gjer meg optimistisk og glad er at det på lista til Stranda Høgre er mange som meg – familiefolk i 30- og 40-åra som tidlegare ikkje har vore politisk aktive – men som no er klare for innsats. Oppmodinga til veljarane er å gi oss ein sjanse. Under leiing av ein framifrå kandidat til ordførarvervet, Einar Arve Nordang, er lovnaden å gjere vårt aller beste. Og om du skulle velje eit anna parti, oppfordrar eg deg til å stemme på dei unge kandidatane. Kommunestyret i Stranda treng fornying, og i Høgre ynskjer vi samarbeid på tvers av partigrensene om kreative og berekraftige løysingar på dei mange utfordringane vi står overfor.

Godt val!