Utbetringstiltak skal setjast igang i 2027, uansett kva sirkus og usikkerhet SP og AP forsøker å skape ikring denne saka.

Dette veit vi fordi det var Frank og FrP som fremma framlegget i fylkestinget sitt investeringsprogram og fekk samrøystes vedtak på dette i 2023.

Vedtaket er:

«Nytt stort prosjekt, fylkesveg 60 Tomasgård-Røyrhus bru:

2024: 3,5 millionar kroner.

2025: 3,5 millionar kroner.

2026: 10 millionar kroner.

2027: 50 millionar kroner.

Prosjektet blir lagt inn med forventa oppstart i 2027 med utbedringstiltak».

Seinare vedtok FrP, Høgre, KrF og Venstre fylkesbudsjettet for 2024 der det står klart og tydeleg at igangsatte og prosjekt med bindinger skal fortsette og ikkje utsetjast.

I oversendingsforslag til fylkestinget frå fylkeskommunedirektøren ved økonomisjef, står det også like klart og tydeleg ved tiltaket FV 60 Tomasgård- Røyrhus bru, at dette er igangsatt/binding.

Derfor reknar vi med at planleggingsarbeidet blir gjennomført framover, slik at oppstart av utbetringstiltak kan setjast igang seinast i 2027.

Så høyrer det til realiteten, at dette gjelder planlegging og prosjektering av fyrste del av utbetringsprosjektet, frå kommunegrensa til Seljeset, og området der ny veg skal krysse dalen/elva.

Her er avsett 10+50 mill kr til utbetringstiltak med forventa oppstart i 2027, samrøystes vedteke i fylkestinget.

Dette betyr at vi har 2-3 år til å planlegge, og lyse ut på anbod desse utbetringstiltaka.

Prosjektet vidare ned Dalen med ny bru som krysser over til motsatt side av dale i forhold til dagens FV 60 trasé, og med heilt ny veg ned til Tomasgård med nytt kryss inn på eksisterande FV 60, er eit svært stort og dyrt prosjekt.

Kva summar vi snakkar om her kan fort være mellom 400 millionar kroner til 800 millionar kroner, kanskje meir.

Prosjektet står i dag på pri 2 i større vegprosjekt, med Todalsfjordkryssinga som nr 1 til fleire milliardar kroner.

Dette må vi alle forholde oss til, og er samrøystes prioriteringar frå alle parti i fylket.

Dette er realiteten og status så langt, derfor trenger verken SP ordføraren i Volda eller andre i opposisjonen her i fylke forsøke å « bruse med fjøra».

FrP, Høgre, KrF og Venstre har faktisk tenkt til å bygge veg, legge meir asfalt og sette inn igjen ferjekutta til SP og AP her i fylket, noko vi no viser ved vårt budsjett for 2024.

50 millionar kroner i auka ferjetakstar stoppa vi galant, 50 millionar kroner ekstra til asfalt og 14 millionar kroner til reetablere ferjekutt frå raudingane har vi fått på plass.

Då kjem til dømes laurdagsruta på Hundeidvik-Festøya på plass igjen, i tillegg til mange ekstra ruteavganger i mange samband her i fylket.

Vi gjer så godt vi kan, sjølv med konsekvensane av tidenes verste regjering for fylkeskommunen i manns minne, og som raserer økonomien til vanlige folk og næringslivet.