Framstegspartiet og partiet Høgre i Stranda Kommune har på seinvinteren vore i dialog om ein kunne inngå eit politisk samarbeid etter kommunevalet, og samstundes konkretisere dette i ein intensjonsavtale. Framstegspartiet nådde ikkje fram, trass vi var i ei oppfatning av at vi hadde felles politikk på fleire område. Dette spesielt når Høgre hevda å ha fått ny giv med nye medlemmer som ville fronte ny Høgre politikk.

Med dette bakteppet hadde Framstegspartiet derfor god tru på at Høgre ville stemme mot budsjettet 2023 og økonomiplan 2024 -2026.

Men nei, Høgre stemte for, og med det held fram si støtte til Senterpartiet sin Ordførar og sin eigen varaordførar.

Dette er eit budsjett som verkar inn i neste kommunestyreperiode. Vi veit per no at Høgre sitt vegval er ein realitet, men ikkje kva Høgre måtte meine og stå for i framtida.

 Uansett er det vi veljarar som på den harde måten får føle på at politikarane sine handlingar i dag, får konsekvensar fortløpande i framtida for Stranda kommune i åra 2023 til 2026.

Derimot vil Framstegspartiet fronte ny langsiktig økonomisk berekraftig kurs med rasjonell dagleg drift av kommunen. Dette for å fremme ei verdig eldreomsorg, ein god skule og oppvekst.

Vi vil greie ut kommunesamanslåing og grensejustering. Dette for å synleggjere eventuell gevinst i å kunne drifte meir rasjonelt med større fagmiljø i Kommuneorganisasjonen.

Vi vil sentralisere primærtenestene hovudsakeleg i Stranda tettstad.