Ikkje før vi kan glede oss over at Frp fekk på plass att ferjeruter som Ap og Sp i spissen fekk kutta på sambanda Sykkylven-Magerholm og Hundeidvika-Festøya, så kjem forsyne meg fylkesdirektør Toril Hovdenak på bana. Ho vil auke ferjeprisane med to takstsoner, i tillegg til at båt, buss og Fram Ung kan bli 20 prosent dyrare.

Fylkesdirektøren kjem også med ei lang kutt-liste som mellom anna vil råke Sykkylven-Magerholm der ho skal ta vekk dei fire siste avgangane på B-ruta kvardagar, heile laurdagane og dei 10 første på søndagane. På sambandet Hundeidvika- Festøya er det snakk om å kutte dei to siste avgangane kvardagar og søndag.

Sykkylven FrP vil på det sterkaste gå imot fylkesdirektøren sitt framlegg. Vårt parti vil på ingen måte akseptere at eit av dei største ferjesambanda, Sykkylven-Magerholm nok ein gong skal bli råka av kutt i ferjerutene, og det gjeld også Hundeidvika-Festøya.