Får varaordføraren med seg dei folkevalde, vurderer eg det som høgst truleg at kommunen blir med i eit vekstselskap for Stranda.

Alt tyder på at det blir slik. Formannskapet har vurdert situasjonen, og viljen er til stades for å finne ei positiv løysing på invitasjonen.

Den går ut på at industri og næringsliv skal skyte inn midlar saman med kommunen i eit selskap med det klingande namnet Denne Stranda. Det er snakk om ein aksjekapital på minst halvannan million kroner på årsbasis.

Ny giv

Initiativtakarane, Oskar Gjærde og Svein Urke, og kanskje fleire til, gjennomførte i fjor ein spørjerunde, som resulterte i kring 1 million kroner. Dette var kring 500.000 kroner under den summen dei meinte var akseptabel.

Derfor satsar dei med ny giv. Denne gongen er håpet at Stranda kommune kan finne plass for eit større beløp, enn som antyda sist.

Aktivt med

Eg var til stades på møtet i kulturhuset nyleg, saman med eit fleire titals personar frå bedrifter, Stranda-banken, kommunen med fleire. Dei fleste gav uttrykk for at næringslag i andre bygder nyt godt av kommunar som investerer betydelege driftsmidlar, som Sykkylven med ein årleg kommunal stønad på kring 400.000 kroner.

Dei som baud inn til møtet hadde førebudd seg godt – ja, så til dei grader velformulert at varaordførar Steinar Aanning (framleis partilaus?) ikkje la skjul på at kommunen burde vise vilje til å satse midlar på tiltaket.

Oss har fått malen å arbeide etter, hevda han frå talarstolen (pryda med kommunen sitt emblem). Seinare i møtet vart det jamvel hevda at presentasjonen frå initiativtakarane burde bli framført for politikarane i kommunestyresalen.

Trivelege bygder

Det som fekk tydeleg effekt, var utsiktene til vekst og framgang knytt til den før omtalte malen. Som å gjere bygdene endå meir triveleg på fritida, skaffe bustader, gjerne i samarbeid med bedriftene, ulike kulturtiltak utover dei eksisterande, og ulike samarbeidstiltak mellom bedrifter.

Mykje av dette kan bli nødvendig for å nå målet med å skaffe ny arbeidskraft, – kanskje så mange som fram imot eitt tusen i løpet av ikkje så altfor mange åra.

Reiser heim

Ein peikepinn på at situasjonen slett ikkje er hyggeleg, viser folketalsutviklinga frå fjoråret. Då var nedgangen for Stranda 73. Det kan vere fleire grunner til det. Eksempelvis viste fabrikkeigar Per Magne Grøndahl til at fleire arbeidsinnvandrarar hadde reist heim på grunn av valutasituasjonen.

Kommunedirektør Ivar-Otto Kristiansen viste til at reduksjonen i folketalet også har ei økonomisk side for Stranda kommune, som misser fleire millionar kroner i overføringsmidlar frå staten.

Auka turisttrafikk

Eit vekstselskap kan også få positive sider for reiselivet, endå til med å opprette stilling som turistsjef.

Det er også noko ein bør ta med seg, jamvel om effekten neppe kan måle seg med den auken i svensketrafikken ein kunne oppleve då Sverige innførte fellesferie. Hotelldirektør Sindre Mjelva refererte til det som vart sagt på folkemunne, at Møllsbakkane likna mest på Gøtakanalen …

Det er all grunn til å fylgje utviklinga i arbeidet med å få skipa eit vekstselskap, med interesse.