Frank Sve surrar alvorleg mellom endring i nominell og reell storleik i meiningsartikkelen sin «SP – Frekkheitas nådegave.» Som fagmann kan eg ikkje la anna enn å korrigere kraftig på det som der står skrive.

I artikkelen skriv Sve:

«Enda verre blir dette når fylket eigentleg skulle ha fått 4,3 prosent auke i overføringane frå Sp’s finansminister og partileiar i 2024, for å kompensere for pris og lønnsvekst.

Fasiten vart 1 prosent i realnedgang i overføringa til fylket frå Vedum og co., med andre ord minus 5,3 prosent av om lag 7 milliardar kroner i fylkets budsjett».

1 prosent realnedgang – som han sjølv skriv er fasisten, betyr rett og slett at nominell auke i overføringane har vore på 3,3 prosent, det vil seie 1 prosentpoeng lågare vekst enn forventa løns- og prisvekst på 4,3 prosent. Sve konkluderer derimot då like godt med minus 5,3 prosent, og ikkje +3,3 prosent, som er det rette.