Er det forsvarleg å opprette ny stilling innan Hjorteforvaltning når ein samtidig må kutte brutalt i eldreomsorg og på skule?

Las i Nyss at no var det veldig viktig med oppretting av ei "ny" stilling innan vilt og hjorteforvaltning, og samarbeid innan dette med nabokommunane.

Frå før har vi tilsette i kommunen som tar seg godt av dette, så dette framstår regelrett uforståeleg.

Ikkje ei kr er avsatt i kommunebudsjettet på Stranda til ei slik "ny" stilling, og står i grell kontrast til at det vart kutta ytterlegare 3 million kroner innan eldreomsorga.

Som om ikkje dette var nok, vart det kutta 1,3 mill kr i teknisk, slik at politiet måtte pålegge kommunen å strø isglatte vegar i vinter.

Så kvar det liksom skulle finnast pengar til å opprette "NY" stilling til hjorten forstår nok verken forslagsstiller eller andre.

Brått har det også gått opp eit lys, - lys skal det bli i alle gatelys i ALLE bygdelaga.

Spesielt, når eg huskar at det var framlegg om å leggje ned Sunnylven skule samt legekontor i Geiranger i på Hellesylt.

Men, gatelys, det er det brått midlar til no.

Eg kan heller ikkje her erindre ei krone til dette i budsjettet, samtidig som altså kommunen i vinter kutta 1,3 mill kr til å kunne strø speilblanke isvegar.

Politiet måtte pålegge kommunen å strø, men nokre mnd etter dette finnes det brått penger til det meste?

Bevares, gatelys er viktig og sjølvsagt også med tanke på trafikksikkerheit, men det er jammen også viktig med skule og legekontor i bygdelaga.

Derimot klarer eg ikkje å ta dette seriøst når kommunen er raka blakk og rett og slett ikkje har pengar til sentrale områder som eldreomsorg, skule og kutta har vore store.

Vi har fremma framlegg om å reversere dei store kutta innan eldreomsorga og skule, men fleirtalet har stemt dette ned.

- då kan ein ikkje komme dragendes med useriøse framlegg om til dømes oppretting av "NY" stilling i kommunen til Hjorten,  som altså ville bli på bekostning av dei eldre og skulane i heile kommunen.