Kven skal vere med ungane når lærarane er sjuke? Ikkje innleige av vikar ved sjukdom eller i vakante stillingar i tillegg til at stillingar vert kutta, er totalt uansvarleg.

Kva med trygt og godt læringsmiljø for barna? Og kva med arbeidsmiljø og arbeidsbelastning for lærarane? Det er i dag eit høgt sjukefråvær og det vil ikkje bli noko mindre om dei som er att får endå større belastning. Dette blir ein vond sirkel som rammer hardt både barn, familiane og lærarane.

SP med god hjelp av Høgre har vedtatt eit nytt budsjett for 2023 med økonomiplan fram til 2026, og det er endå verre enn det som vart lagt fram i desember. Statsforvaltaren underkjente budsjettet frå desember med bakgrunn i at dette ikkje var realistisk. Framlegget som no vart levert av Sp og Høgre er ikkje anna enn veldig trist, spesielt for Ringstad skule og SFO, for barna som går der og lærarane som jobbar der. Ved budsjettframlegget i desember skulle det kuttast mange million kr ved Ringstad skule og SFO, og no har dette blitt auka endå meir.

No er det ungane i Stranda tettstad som skal få merke ordførar Tryggestad frå SP, og varaordførar Rimstad frå H sin usosiale politikk i praksis.

I vedlagt tabell frå budsjettet kan de sjå kor ille dette er.

Tabell. Foto: Innsendt

No vil mange foreldre i Stranda ikkje få plass til sine barn på SFO ved Ringstad skule, spesielt på morgonen, og må såleis vere heime med barna sine.

Kva konsekvens har dette for familiane og bedriftene?

Det blir snakka så fint om bulyst og jobbe for auka tilflytting, men korleis skal vi få til det når ein legg opp til så dramatiske kutt i skule og SFO? Det er jo barna dette vil gå mest ut over, og ikkje kan dei ta til motmæle heller. Vi fekk på kommunestyret også orientering om arbeid med omorganisering og plan for barn og unges helseteneste. Dette omhandlar alle instansar rundt barnet, med den flotte overskrifta «Oppvekst i Stranda kommune – til å vere stolt av». Ja, det ønsker eg verkeleg, men då må vi stoppe desse føreslåtte kutta rundt barn og unge.

«Ostehøvel» politikk er eit kjent fenomen, men det kan ikkje drivast no lenger, no må reelle grep takast og det må gjerast prioriteringar som får varig effekt. Då må Ringstad skule og SFO skjermast mest mogleg, fordi å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge er noko av den viktigaste jobben vår. SP og Høgre sin politikk kan fort føre til at småbarnsforeldre rett og slett ikkje ønsker å bu i kommunen vår, og det har vi ikkje råd til.

Eg meiner at det å nedprioritere barn og unge sine oppvekstvilkår her i kommunen, for å finansiere nye prosjekt er ei feil retning å gå. Som å bruke titals million kr på ein overdimensjonert brannstasjon i Geiranger og fylkeskommunal ferjekai på Hellesylt, og sende rekninga til småbarnsforeldra på Stranda.

No må politikarane vakne og prioritere dei lovpålagde oppgåvene først, som er å ta vare på barn, unge, sjuke og eldre.

Stranda kommune treng no eit politisk skifte. Har ikkje innbyggjarane og næringslivet fått nok av SP og deira styre og prioriteringar? Dessverre med god hjelpa av Høgre og dei andre partia.