I media lovar Tryggestad vekk over 30 millionar kroner frå Stranda kommune, i eit valkamputspel med omsyn til fv. 60, kvar er desse pengane? Dette er i kjent stil ordførar Tryggestad, at du driv Stranda kommune heilt på eiga hand, utan å bry deg om demokratiske prosessar og resten av kommunestyret.

Det er eit stort overtramp at du som ordførar går ut og lovar vekk over 30 millionar kroner frå Stranda kommune, til eit fylkeskommunalt prosjekt. Kvar har du desse 33 millionar kronene, og korleis kan du love dette på vegner av Stranda kommune? Stranda kommune er i Robek, og er raka blakk med eit omstillingsbehov på mellom 50–100 millionar kroner.

Kraftige kutt i drifta er alt teke og verre skal det bli, der ein kan sjå langt etter ny Ringstad skule og ny sjukeheim på Stranda. Pleie og omsorg, skular og barnehagar blir no kutta i budsjetta med mange titals millionar kroner, medan millionane flagrar til fylkeskommunale prosjekt.

Fylkeskommunal ferjekai og vegar, er tydelegvis viktigare for Tryggestad og SP, enn eigne innbyggjarar innan pleie, eldreomsorg, skule og barnehage. Fylkestinget har prioritert ny veg gjennom fv. 60 Hornindal og lagt dette prosjektet inn i investeringsprogrammet med 67 millionar kroner og oppstart i 2027. Dette etter framlegg frå Frp og Høgre i fylkestinget. Dette låser fylkeskommunen opp til å ta ansvaret for dette prosjektet også sjølvsagt gjeldande finansieringa, uproblematisk for fylket med snart 1 milliard kroner på bok. Dersom Sp har 30 millionar kroner i si eiga partikasse så er det greitt, men Tryggestad kan ikkje bruke kommunekassa i Stranda kommune som si eiga valkampkasse.